Her kan du bestemma plasseringa av to viktige mapper som GIMP brukar som mellomlager for filer. Du kan forandra mappene ved å skriva inn fullstendig bane og mappenamn, eller du kan leita deg fram ved å trykkja ellipseknappen til høgre for namnet. I kapitlet Datamapper finn du meir om korleis du kan tilpassa andre mapper for bruk i GIMP.
Mapper
Denne mappa vert brukt for mellombels (temporære) filer. Dette er filer som vert brukte for å lagra arbeidsdata og vert sletta når det ikkje er bruk for dei meir. Til vanleg treng ikkje desse filene så mykje plass. Dersom du ikkje har forandra på det, vert desse filene plasserte i undermappa tmp
i den private katalogen din. Skulle denne harddisken vera overfylt eller ha andre problem med å fungera skikkeleg, kan du flytta desse filene til ein annan katalog eller ein annan harddisk. Det einaste kravet er at mappene må finnast og at du har full tilgang til dei.
Dette er mappa vert brukt som «minnebank» når storleiken på bilete og data brukt i GIMP er meir enn det som er tilgjengeleg i RAM. Viss du arbeider med svært store bilete, bilete med mange lag eller har mange opne bilete, kan GIMP bruka svært mykje vekselminne. Difor er det viktig å vurdera tilgjengeleg diskplass og yting for denne mappa. Normalt vert desse vekselfilene lagra i den private mappa di, men dersom du har ein annan harddisk med betre plass tilgjengeleg, kan du byta til denne. Det einaste kravet er at mappene må finnast og at du har full tilgang til dei.