6.12. Ikontema

Figur 15.79. Innstillingar for ikontema

Innstillingar for ikontema

På denne sida kan du velja eit tema for ikona (symbola) brukte i GIMP sitt brukargrensesnitt. Prøv dei ut. Resultatet vert vist med det same i dette dialogvindauget.

6.12.1. Slå på dette dialogvindauget

Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via RedigerBrukarinnstillingar,

6.12.2. Innstillingar

Vel eit ikontema

Vis tilgjengelege ikontema

Denne lista viser alle ikontemaa tilgjengelege i GIMP. Det gjeldande temaet er utheva. Eit ikontema definerer korleis alle ikona brukte i grensesnittet til GIMP. Klikkar du på eit av dei andre temaa i lista, vert grensesnittet oppdatert for å visa temaet i bruk.

Bruk symbolske ikon viss desse er tilgjengelege

Nokre av ikontemaa har to variantar: symbolsk og ikkje-symbolsk, noko som til vanleg betyr farga ikon. Du kan velja den symbolske varianten viss han er tilgjengeleg.