Vel tema
Lista viser alle tema kjende av GIMP. Det temaet som er i bruk er utheva. For å sjå korleis eit anna tema ser ut, klikk på det. Førehandsvisinga av grensesnittet vert då oppdatert med det valde temaet.
Dette viser kva fargeval du har for det valde temaet. Temas som føljer med GIMP har tre variantar: Lyse fargar, Mellomgrå og Mørke fargar. Tredjepartstemaa kan ha andre variantar, eller ingen varianter i det heile-
Kvart tema set storleiken på ikona brukte av GIMP. Slå på denne innstillinga for å overstyra storleiken sett av temaet og juster så glidebrytaren under. Denne kan verta sett til verdiar frå Små til Enorm.
Her kan du justera skriftstorleiken brukt i grensesnittet for GIMP mellom 50 % og 200 %.
Klikk på denne knappen for å lasta inn det gjeldande temaet på nytt.