Verktøyet med det litt rare namnet «bur» er eit spesielt transformeringsverktøy som let deg velja transformasjonsområdet ved å setja ankerpunkt på frihand på same måten som du gjer med «frihandsutvalet». Verktøyet legg ingenting til i biletet før du bekreftar transformasjonen ved å trykkja Enter-tasten.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.
By pressing the Shift+G keyboard shortcut.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassen så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.Når burverktøyet vert slått på, vil også dette valet vera i bruk. Du kan no venstreklikka med datamusa der du ønskjer markeringspunkta og såleis ramma inn eit høveleg område av biletet. Treng du seinare i prosessen å leggja til fleire slike ankerpunkt, kan du slå på dette valet.
GIMP vil skifta til dette valet automatisk når du klikkar på startpunktet igjen. No kan du dra ankerpunkta dit du vil på biletet, og endatil utanfor bildet om du ønskjer det. Transformeringa byrjar når du slepp opp museknappen.
Du kan slå på fleire ankerpunkt ved å halda nede Shift-tasten medan du klikkar på punkta. Ein annan måte å gjera det på, er å teikna ein firkant rundt dei aktuelle punkta medan du held nede musebrytaren.
Dersom transformeringa resulterer i tome område vert desse fylt opp med ein farge dersom dette valet er slått på. Det ser ut til at fargen vert henta frå pikselen under startpunktet for kurva.
Når du klikkar på bur-transformering i verktøykassen, vert verktøyinnstillingane normalt opna med «Opprett eller rediger buret» slått på. Du kan no avsetja omrisset for buret ved å klikka inn ankerpunkt rundt det ønskte området. Du fullfører operasjonen ved å klikka på startpunktet igjen. GIMP vil no gjera ein del utrekningar og deretter slå på «Deformer buret for å deformera biletet». No kan du dra ankerpunkta rundt i biletet og endatil utanom biletet, for å deformera buret.
Det gjeldande punktet, eller dei gjeldande punkta vert firkanta. Når du drar punkta rundt på skjermen og slepp opp museknappen, vert området transformert. Dette brukar nokså mykje datakraft og kan ta ein del tid på store bilete. Ver tålmodig.
Dersom du har behov for å leggja til fleire punkt, kan du gjera dette ved å slå på «Opprett eller rediger buret» igjen. Legg inn dei ønskte punkta og gå tilbake til «Deformer buret for å deformera biletet» igjen for å arbeida vidare med deformeringa.
Når biletet er slik du vil ha det, trykker du Enter-tasten for å overføre endringane til biletet.