Forvrenging (engelsk: warp) er eit GEGL-basert penselliknande verktøy. Du kan bruka ein viske-modus for å fjerna forvrengingar du har laga. Det finst innstillingar slik at du kan endra styrken og storleiken på forvrenginga.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå hovudmenyen via
→ → .Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.
Ved å trykkja på tasten W.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet. Du kan også opna verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på det tilsvarande verktøyikonet i verktøykassen.«Flytt pikslar» er den første oppføringa i nedtrekkslista med ulike forvrengingsmetodar:
Flytt pikslar er standardmetoden.
Utvid området
Krymp området
Kvervling med og mot klokka
Visk ut forvrenginga vert brukt for å angra tidlegare laga forvrengingsstrok.
Gjer forvrenginga mjukare vert brukt for å mjuka opp tidlegare laga frovrengingsstrok.
Penselstorleiken.
Desse kontrollerer kor mange av pikslane som skal flyttast frå startpunktet for forvrenginga til forskyvingsstaden.
Dette kontrollerer kor mykje det skal flyttast under stroket.
Notat | |
---|---|
Det vert brukt interpolering under forvrenginga. Sjå meir om dette i Interpolering. |
«Abyss» er eit omgrep som vert brukt av GIMP-utviklarane for «data utføre inngangsbufferen». Forvrengings-verktøyet flyttar pikslar frå eitt punkt til eit anna. Nokre pikslar kan koma utanfor laggrensa. Desse pikslane finst faktisk ikkje nokon stad og har difor ingen farge kopla til seg. Likevel må verta tildelt noko farge.
«Abyss policy» har ei nedtrekksliste som du kan bruka for å fylla tome område på ulike måtar:
Ingen: Dette er standardinnstillinga. Tomme område vert gjennomsiktige. Biletet må ha alfakanal for å kunne bruka denne funksjonen.
Klem: Kvar kant på det omforma laget strekkjer seg uendeleg langt utover, så for eksempel ein piksel til venstre for laggrensa har den same fargen som pikselen lengst mot venstre i laget med det same y-koordinatet. Ein annan måte å sjå det på, er at kvar piksel utføre laggrensa har den same fargen som den næraste pikselen innføre laggrensa.
Løkke: Laget som vert forvrengt gjentar seg sjølv i alle retningar. Pikslar som for eksempel kjem utføre laget på høgre side vert sett inn på venstre side av laget.
«Førehandsvisinga» er det biletvindauget du arbeider på før du trykkjer Enter for å stadfesta transformasjonen. Er det kryssa av for denne, vert kvaliteten på visinga betre, men arbeider saktare.
Når denne er slått på, vert førehandsvisinga oppdatert i sanntid, noko som kan gjera at visinga tek tid. Når avslått, kan det gå litt tid før førehandsvisinga vert oppdatert.
Under rørsle: brukar forvrengingsstroka berre når penselen er i rørsle.
Periodisk: brukar forvrengingsstroka periodisk. Når denne er i bruk, vert det vist ein glidebrytar for Grad der du kan setja kor ofte effekten skal brukast.
Med dette valet avkryssa kan du laga ein animasjon ved å laga fleire mellombilete mellom det opphavlege biletet og sluttbiletet.
Rammer: Kor mange rammer som skal brukast i animasjonen.
Knappen GIF-bilete og så velja Som animasjon i eksportvindauget eller ved å eksportera som webp-bilete og velja Lagra animasjon.
: Trykk på denne for å laga ein animasjon av stroka i eit nytt vindage. Du kan eksportera dette til filformat som godtek animasjon, for eksempel somMerk at du kan berre laga ein animasjon medan forvrengingsverktøyet er i bruk, ikkje når det er avslutta.