4.10. Sameint transformering

Figur 14.111. Verktøyet «sameint transformering»

Verktøyet «sameint transformering»

Dette verktøyet inneheld fleire verktøy: roter, skaler, beskjer og perspektiv. Du kan bruka eitt av dei åleine eller fleire av desse samstundes. Ved å kombinera to eller fleire verktøy, har du nær uendeleg mange moglege transformasjonar.

Som dei andre transformeringsverktøya, arbeider også dette (som standard) på det gjeldande laget.

Når du har merkt verktøyet «sameint transformering», trykk på biletvindauget. Det kjem då fram fleire element i biletvindauget:

4.10.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaSameint transformering.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Med tastatursnarvegen Shift + T.

4.10.2. Innstillingar

Figur 14.112. Innstillingar for «sameint transformering»

Innstillingar for «sameint transformering»

Du kan få opp verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøysymbolet i verktøykassen:

Transformer, Retning, Interpolering, Klipping, Vis førehandsvising av biletet, Hjelpelinjer
Avgrensingar

Flytt: når dette valet ikkje er merkt, kan laget flyttast jamt dit du ønskjer. Er valet merkt, vert flyttinga avgrensa til 45° frå sentrum.

Skaler: kryss av her for å behalda sideforholdet.

Figur 14.113. Verknaden av tvunge skalering

Verknaden av tvunge skalering

«Skaler» under «Tvinga» er ikkje merkt. «Skaler» under «Frå omdreiingspunktet» er ikkje merkt

Verknaden av tvunge skalering

«Skaler» under «Tvinga» er merkt. «Skaler» under «Frå omdreiingspunktet» er merkt


Roter: standardrotasjon er mjuk, det vil seia at du kan rotera kvar som helst. Er denne avmerkt, skjer roteringa i steg på 15°.

Forskyv: normalt kan du forskyva laget ved å dra ei av rombene kvar som helst i biletet. Er det merkt a for dette valet, kan du forskyve berre langs den kanten den valde romben er på.

Perspektiv: når dette valet ikkje er merkt, som er standard, kan du dra symbolet kvar du vil i biletet. Er det merkt av for dette valet, kan du berre dra langs lagkantane eller diagonalt.

Figur 14.114. Vala for avgrensa perspektiv

Vala for avgrensa perspektiv

«Perspektiv» under «Tvinga» er ikkje merkt. «Perspektiv» under «Frå omdreiingspunktet» er ikkje merkt

Vala for avgrensa perspektiv

«Perspektiv» under «Tvinga» er merkt. «Perspektiv» under «Frå omdreiingspunktet» er merkt


Frå omdreiingspunktet

Skaler:

Figur 14.115. Skalering frå omdreiingspunktet

Skalering frå omdreiingspunktet

«Skaler» under «Tvinga» er merkt. «Skaler» under «Frå omdreiingspunktet» er merkt

Skalering frå omdreiingspunktet

«Skaler» under «Tvinga» er merkt. «Skaler» under «Frå omdreiingspunktet» er også merkt


Forskyv: når det er merkt for dette valet (standard), er den motsette kanten fast og omdreiingspunktet flyttar seg under forskyvinga. Når det er merkt av for dette valet, vert forskyvinga utført rundt eit fast omdreiingspunkt. Den motsette kanten vert flytt like mykje, men i motsett retning.

Perspektiv: når dette valet er avkryssa, vert også plasseringa av omdreiingspunktet påverka.

Figur 14.116. Perspektiv frå omdreiingspunktet

Perspektiv frå omdreiingspunktet

«Perspektiv» under «Tvinga» er merkt. «Perspektiv» under «Frå omdreiingspunktet» er merkt

Perspektiv frå omdreiingspunktet

«Perspektiv» under «Tvinga» er merkt. «Perspektiv» under «Frå omdreiingspunktet» er også merkt


Omdreiingspunkt

Fest: Når det er kryssa av for dette valet, vert omdreiingspunktet fest til midten eller til hjørnene når det kjem nær nok.

Lås: låser omdreiingspunktet.

4.10.3. Valtastane

Valtastane er i bruk når ei handling (flytt, skaler, roter …) er vald. Hald på:

  • Shift for å byta rundt på merkinga for alle vala i «Tving» når eit transformasjonshandtak er vald eller, viss omdreiingspunktet er merkt, festa omdreiingspunktet til midten eller til eit hjørne,

  • Ctrl for å byta om på avmerkinga for alle vala i «Frå omdreiingspunkt».

4.10.4. The Unified Transform adjustment dialog

Figur 14.117. The Unified Transform adjustment dialog

The Unified Transform adjustment dialog

When you click on the image window, the adjustment dialog appears.

Transform Matrix

Informasjonsvindauget viser ei matematisk framstilling av perspektivtransformeringa. Du kan finna meir informasjon (på engelsk) om transformeringsmatrisene på Wikipedia.

Knappen «Justera på nytt»

Med denne knappen kan du setja transformeringshandtaka tilbake til den opphavlege forma utan å endra det gjeldande transformerings- og forstørringsnivået. Dette gjer at du kan utføra meir komplekse transformeringar ved å transformera i fleire steg.