6.16. Skjermvising

Figur 15.84. Innstillingar for skjermen

Innstillingar for skjermen

Her kan du bestemma korleis gjennomsikt i biletet skal visast på skjermen. Dessutan kan du kalibrera oppløysinga for skjermen.

6.16.1. Innstillingar

Gjennomsikt

Rutestorleik

Til vanleg vil GIMP indikere gjennomsikt ved hjelp av sjakkbrettmønster i middels lyse fargar. Du kan her endra fargen på rutemønsteret eller sjølve rutemønsteret. I tillegg kan du velje å markere gjennomsikt med einsfarga svart, kvit eller grå.

Viss du vel Tilpassa kontrollar, kjem det opp to knappar som du kan bruka for å setja fargane på sjakkbrettet.

Rutestorleik

Du kan her velje mellom små, middels eller store ruter for sjakkbrettmønsteret.

Skaleringskvalitet

Skaleringskvalitet

Når forstørring eller forminsking på store bilete går tregt, kan du endra innstillinga frå Høg kvalitet til Låg kvalitet. Dette kan auka farten på visinga av den forstørra eller forminska delen av biletet, men vil gje dårlegare biletkvalitet.

Skjermoppløysing

Skjermoppløysinga vert målt i kor mange biletpunkt det må til for å få ein tomme (eigentleg inch) på skjermen. Oppløysinga vert målt både horisontalt (X-oppløysing) og vertikalt (Y-oppløysing). Du kan velje mellom tre metodar:

  • Oppdag automatisk: Hent oppløysinga frå vindaugesystemet. Dette er den enklaste måten, men kan vera unøyaktig.

  • Skriv inn manuelt

  • Trykk på knappen Kalibrer … for å opna dialogvindauget for kalibrering

Dialogvindauget «Kalibrering»

Figur 15.85. Dialogvindauget «Kalibrering»

Dialogvindauget «Kalibrering»

Nokre skjermar kan vera imponerande unøyaktige. Du vil trenga ein mjuk linjal.