13.11. Avbild på objekt

13.11.1. Oversyn

Figur 17.302. Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Det opphavlege biletet

Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto

Eksempel på bruk av filteret «Avbild på objekt»


Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vera et plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.

13.11.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterKartAvbild på objekt ….

13.11.3. Innstillingar

13.11.3.1. Førehandsvising

I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:

Førehandsvis!

Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeidar med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.

Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vert han sjåande ut som ei hand. Denne handa kan du i nokre av innstillingane for filteret bruka for å flytta rundt på det blå punktet som markerer posisjonen for lyskjelda. Dette punktet er berre synleg innføre førehandsvisinga.

Forminsk, Forstørr

Knappane vert brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa, men kan vera nyttig ved større bilete.

Vis trådramme

Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vera til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på eit plan.

Oppdater førehandsvisinga direkte

Å ha førehandsvisinga til å verka som vanleg.

13.11.3.2. Generelle innstillingar

Figur 17.303. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (generelt)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (generelt)

Avbild på

Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.

Gjennomsiktig bakgrunn

Den delen av biletet som ikkje vert berørt av objektet vert gjennomsiktig.

Kjeldebiletet som bakgrunn

Når du avbilder på eit plan og flyttar dette rundt i biletet, vert delar av biletet utan pikslar. Dersom det er merkt av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vert desse tomme plassane fylte opp med kopiar frå det opphavlege biletet.

[Notat] Notat

Denne funksjonen verkar berre på objektet «Plan».

Lag nytt bilete

Dersom det er avmerkt for denne funksjonen, vert det laga ein kopi av det opphavlege biletet. Filteret vil arbeida på denne kopien utan å endra det opphavlege biletet.

Kantutjamning

Dersom det oppstår «trappetrinn» langs kantane i biletet, kan du prøva å forbetra resultatet ved å slå på denne funksjonen. Funksjonen har to innstillingar:

Djupn

Dess høgare tal dess meir omfattande vert kantutjamninga, men tar også meir tid.

Terskel

Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane vert mindre enn grenseverdien.

13.11.3.3. Lys

Figur 17.304. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Lys)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Lys)

Lyssettingar
Type lyskjelde

Denne nedtrekkslista gjev deg valet mellom Punktlys, Retningsbestemt lys eller Ikkje lys.

Lyskjeldefarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogen for fargeval.

Posisjon

Dersom «punktlys» er vald, kan du setja x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytta rundt på det blå punktet.

Dersom «retningsbestemt lys» er vald, vil X-, Y- og Z-parametra kontrollera «Retningsvektorane». (Effekten er ikkje tydeleg).

13.11.3.4. Utsiktspunkt

Figur 17.305. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Utsiktspunkt)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Utsiktspunkt)

Posisjonen for utsiktspunktet

Når Type lyskjelde er sett til «Punktlys» , vil endring av X-, Y- og Z-verdiane flytta «sjåaren» nærare eller lenger frå objektet i desse retningane.

Merk at dette vil ikkje påverka bilete sett til «Plan» i Avbild på-feltet.

Første akse, Andre akse

Når Avbild på er sett til «Plan», vil endring av X-, Y- og Z-verdiane simulera effekten av å vippa planet på Y- og Z-aksane. Dette påverkar korleis innstillingane for kategorien Material påverkar gjengjevinga.

13.11.3.5. Orientering

Figur 17.306. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Orientering)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Orientering)

Posisjon

Desse tre glidebrytarane vert brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt koordinatsystem.

Rotasjon

Desse tre glidebrytarane vert brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.

13.11.3.6. Materiale

Figur 17.307. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Material)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Material)

Intensitetsnivå
Bakgrunnslys

Mengde farge for å visa kor det ikkje fell lys direkte.

Diffusjon

Intensiteten på den opphavlege fargen når han vert opplyst av ei lyskjelde.

Reflektivitet
Diffusjon

Høgare verdiar gjer at det vert reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.

Spegling

Kontrollerar intensiteten til høglysa.

Høgglans

Høgare verdiar gjer høglysa meir fokuserte.

13.11.3.7. Kuleforma

Denne fana er berre synleg når du har vald å avbilda på objektet «Kule».

Figur 17.308. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (kule)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (kule)

Storleik
Radius

Radiusforholdet i høve til biletstorleiken.

13.11.3.8. Boks

Denne fana er berre synleg når du har vald å avbilda på objektet «Boks».

Figur 17.309. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Boks)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Boks)

Avbild bilete til bokssidene

Vel eit bilete for kvar av bokssidene. Bileta må vera til stades på skjermen når du kallar opp filteret.

Skalering

Desse glidebrytarane vert brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.

13.11.3.9. Sylinder

Denne fana er berre synleg når du har vald å avbilda på objektet «Sylinder».

Figur 17.310. Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Sylinder)

Innstillingane for filteret «Avbild på objekt» (Sylinder)

Bilete for endeflatene

Vel eit bilete for kvar av sidene på sylinderen. Bileta må vera til stades på skjermen når du kallar opp filteret.

Storleik
Radius

Denne glidebrytaren og inndataboksane let deg kontrollera sylinderdiameteren. Diverre verkar denne innstillinga på biletet som er avbileta på sylinderen og teiknar om dette bildet for å tilpassa det til den nye sylinderstorleiken. Det ville vera betre å kunna stilla inn storleiken på sylinder før avbiletinga slik at det var råd å bruka heile biletet.

Lengde

Her bestemmer du lengda for sylinderen.