Dette er eit gammalt format som syner alderen i nokre av dei støtta eksporttypane. Biletet vert eksportert som skrivbare teikn i ASCII-tabellen, som stort sett er alfanumeriske teikn og skiljeteikn.
For kvar pikselgruppe vert det teiknet som kjem nærast forma og lysmengda i biletet. Sjå ASCII Art for meir om dette.
Kva tekstfiltype som skal lagast med ASCII-kunsten.
Dette eksporterer ei rein tekstfil.
Dette eksporterer det som ei html-fil som kan opnast i nettlesaren.
Dette eksporterer det som ei html-fil i formatet brukt i Netscape (ein forløpar for Mozilla Firefox). Dette kan opnast i nettlesaren. Samanlikna med Rein html har dette ein svart bakgrunn i staden for kvit.
Dete gjer at det vert eksportert som ein «alt»-tag (for alternativ tekst) i ein «img»-tag (bilet-tag) i eit html-dokument.
Dette gjer at dokumentet vert eksportert i eit format som kan nyttast for å visa dokumentasjon på skjermen frå kommandolinja slik Linux-program brukar det:meir og mindre.
Dette eksporterer det som ANSI Escape-sekvensar som kan nyttast av nokre skrivarar.
Dokumentet vert eksportert som ei fil som kan skrivast ut på ein HP laserskrivar med A4-papir og liten skrifttype.
Dokumentet vert eksportert som ei fil som kan skrivast ut på ein HP laserskrivar med A4-papir og stor skrifttype.
Dokumentet vert eksportert som ei fil som kan dirigerast vidare til ein IRC-kanal.
Dokumentet vert eksportert som ei fil som kan dirigerast vidare til ein IRC-kanal. Det vert brukt eit anna format enn det som er nemnd ovanfor.
Dokumentet vert eksportert som ei fil som kan setjast inn i ei såkalla man-side som er eit format for å visa dokumentasjon.