EPS eller «Encapsulated PostScript» er, som namnet indikerer, eit format som vert brukt i eit PostScript-dokument. Det vert mest brukt i grafikk. Du finn meir om dette i Encapsulated PostScript.
Det er eigentleg eit PostScript-program lagra som ei enkelt fil som kan innehalda ei førehandsvising av det ferdige innhaldet.
Desse innstillingane bestemmer storleiken og plasseringa av biletet.
Breidd og Høgd bestemmer storleiken biletet vert eksportert i.
Skriv inn null her om biletet skal visast i opphavleg storleik.
Dette bestemmer forskyvinga i høve til nedre, venstre hjørne.
Når denne er slått på, vert biletet skalert for å passa inn i den gjevne storleiken utan å endra sideforholdet.
Når denne er slått på, vert «tommar» brukt for storleik og forskyving.
Når denne er slått på, vert «millimeter» brukt for storleik og forskyving.
Denne vert brukt for å endra roteringa av biletet frå 0 (standard), 90, 180 eller 270 grader.
Når denne er i bruk, vil utgangen bruka PostScript nivå 2 format, elles nivå 1.
Når merkt, vert «Encapsulatet PostScript» bruk i utgangen, elles «PostScript».
Standard for denne innstillinga vert bestemt av elportformatet du har vald.
Når denne er merkt, vert det lagt til ei førehandsvising av biletet i det eksporterte dokumentet.
Viss du slo på den førre innstillinga, kan du setja maksimal storleik for førehandsvisinga av biletet her.