5.28. Eksporter biletet som ICNS

5.28.1. Oversyn

Figur 15.76. Dialogvindauget for Apple ikon-eksport

Dialogvindauget for Apple ikon-eksport

Formatet Apple Icon vert brukt på macOS for å visa ikon. Det støttar ikon på 16 × 12, 16 × 16, 18 × 18, 24 × 24, 32 × 32, 36 × 36, 48 × 48, 64 × 64, 128 × 128, 256 × 256, 512 × 512 og 1024 × 1024 pikslar. Ikona med fast storleik kan skalerast av operativsystemet og kan visast i kva mellomstorleik som helst.

Dialogvindauget for eksport viser alle tilgjengelege ikon. Viss det finst ugyldige ikonstorleikar, vert det vist ei åtvaring. Lag med ugyldige storleikar vert ikkje eksporterte. Laga vert viste frå dei minste til dei største, med unnatak av ugyldige som vert viste til slutt.

5.28.2. Innstillingar

Lagra fargeprofilen

Gjer at fargeprofilen vert lagra i det eksporterte biletet.