Dialogvindauget for HTML-eksport vert brukt for å eksportera biletet som ei HTML-fil der biletet vert representert av ein tabell av farga kvadrat. Dette liknar påFarga HTML-tekst.
Du kan eksportera bilete i dette formatet ved å velja «.html» som filutviding eller velja «HTML-tabell» som filtype i eksportvindauget.
|
Åtvaring |
|---|---|
|
Dette genererer svært store HTML-tabellar sjølv for små bilete og kan gjera at fillesaren arbeider veldig sakte eller til og med krasjar. |
Når det er merkt av for denne, vert det laga eit fullstendig HTML-dokument i staden for berre HTML-tabellen.
Viss denne er merkt, vert rektangulære område med blokker i same farge by ut med ei stor celle med html-taggane ROWSPAN og COLSPAN sette til korrekt storleik.
Viss denne er slått på, vert det ikkje sett inn blankteikn mellom HTML-taggane TD og celleinnhaldet. Dette er berre nødvendig for plassering på pikselnivå.
Viss denne er slått på, vert det lagt til ein bilettekst over tabellen.
Skriv inn biletteksten for HTML-tabellen her.
Skriv inn teksten eller teikna som skal vera celleinnhaldet. Standard vil visast som ei tom, farga blokk.
Storleiken på pikslane i tabellramma.
Skriv storleiken på kvar tabellcelle her. Du kan skriva talet på pikslar eller som prosent.
Kor mykje det skal fyllast ut rundt teksten i kvar celle.
Kor stor avstanden mellom cellene skal vera.