Formatet Microsoft Windows Icon vert brukt i Windows for å visa ikon. Det har støtte for mange ikonstorleikar og fargedjupnar.
Eit relatert format er Microsoft Windows Cursor. Eksportvindauget viser alle ikona som er tilgjengelege. For kvar ikonstorleik er det mange innstillingar som kan endrast.
Du kan for kvar ikonstorleik velja kva format det skal lagrast som. Du har valet mellom:
Indeksert format med berre to fargar.
Indeksert format med berre 16 fargar.
Indeksert format med opp til 256 fargar.
For RGB utan alfakanal.
Det mest vanlege er RGB med alfakanal.
Når denne er merkt, vert ikonet lagra som komprimert PNG-bilete. Merk at ikkje alle program kan lesa denne ikontypen.