5.31. Eksporter biletet som JPEG 2000

5.31.1. Oversyn

JPEG 2000-formatet vart utvikla som ei vidareutvikling av JPEG. Det støttar komprimering både med og utan tap og bilete med høgt dynamisk område. GIMP har også ein JPEG 2000 kodestraumeksportør og ein eksportør for lagring av eit JPEG 2000-bilete i ein HEIF-behaldar.

Samanlikna med JPEG har JPEG 2000 generelt ei forbetra komprimering i området 20 %, avhengig av biletkarakteristikkane. Bilete med høgare oppløysing vert ofte betre.

Figur 15.79. Dialogvindauget for JPRG 2000-eksport

Dialogvindauget for JPRG 2000-eksport

5.31.2. Innstillingar

ICT-komprimering

Når det er merkt av, vert ICT-komprimering (Irreversible Color Transform (Ikkje reversibel fargetransformering)) brukt i staden for RCT (Reversible Color Transform ((Reversibel fargetransformering)). ICT kan generera avrundingsfeil, noko som betyr at den er fører til datatap, i motsetnad til RCT.

Eksporter som CMYK

Viss du har sett biletprofilen til CMYK for utskriftsimulering, kan du bruka denne innstillinga for å eksportera biletet med CMYK-profilen. Dette kan av og til vera nødvendig når du skal skriva ut biletet. Trykkeriet vil i tilfelle seia i frå om det trengst.

Viss denne innstillinga er slått av, har du ingen profil for utskriftsimulering for dette biletet. Sjå korleis du set dette i Utskriftsimuleringsprofil.

Namnet på CMYK-profilen som er i bruk vert vist nedanfor innstillingane.

Talet på oppløysingar

Sett dette til kor mange oppløysingar du vil lagra i biletet. Dette gjer biletet mindre for raskare lasting

Progresjonsrekkjefølgje

Dette definerer korleis biletdata er organisert i JPEG 2000-kodestraumen, slik at du kan prioritera progressiv vising etter kvalitet, oppløysing eller komponent. Bokstavane står for lag, oppløysing, komponent, posisjon.

LOKP

Standard. Viser kvalitetslaga først, så oppløysing, komponnta og posisjon (grei for gradvis auke av kvaliteten.

OLKP

Viser alle data for den lågaste oppløysinga, legg så til lag og går så til det neste oppløysingsnivået.

PKOL

Viser flisene med full oppløysing først og fyller så inn laga. Nyttig for rask førehandsvising.

OPKL

Fokuserer først på romlige detaljer i ei flis.

KPOL

Fokuserer på fulle data for éin komponent før det går vidare til neste.

Samsvarsprofil

Vel samsvarsprofilen du treng for biletet.

Standardprofil

Standarden samsvarar med den grunnleggjande standardfunksjonaliteten for JPEG 2000-bilete.

Cinema2K (24 FPS)

Genererer ein kodestraum som er kompatibel med Digital Cinema Specifications for 2K-oppløysingsinnhald ved 24 RPS.

Cinema2K (48 RPS)

Genererer ein kodestraum som er kompatibel med Digital Cinema Specifications for 2K-oppløysingsinnhald ved 48 RPS.

Cinema4K (24 RPS)

Genererer ein kodestraum som er kompatibel med Digital Cinema Specifications for 4K-oppløysingsinnhald ved 24 RPS.

Metadata (rediger)

Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.

Innstillingane for metadata i eksportvindauget overskriv standardverdiane sett i Innstillingane for metadataeksport.

Lagra merknad

Du kan lesa denne merknaden i Bileteigenskapar.