5.43. Eksporter biletet som Postscript

5.43.1. Oversyn

«PostScript» er eit språk som vert mykje brukt i elektronisk publisering for å setja opp sidene. Du finn meir om dette i PostScript.

Eit nokså likt format er Encapsulated PostScript.

Figur 15.87. Dialogvindauget for PS-eksport

Dialogvindauget for PS-eksport

5.43.2. Innstillingar

Biletstorleik

Desse innstillingane bestemmer storleiken og plasseringa av biletet.

Breidd, Høgd

Breidd og Høgd bestemmer storleiken biletet vert eksportert i.

Skriv inn null her om biletet skal visast i opphavleg storleik.

X-forskyving, Y-forskyving

Dette bestemmer forskyvinga i høve til nedre, venstre hjørne.

Behald forholda mellom sidene

Når denne er slått på, vert biletet skalert for å passa inn i den gjevne storleiken utan å endra sideforholdet.

Eining
Tomme

Når denne er slått på, vert «tommar» brukt for storleik og forskyving.

Millimeter

Når denne er slått på, vert «millimeter» brukt for storleik og forskyving.

Roterering

Denne vert brukt for å endra roteringa av biletet frå 0 (standard), 90, 180 eller 270 grader.

Utdata
Postscript Level 2

Når denne er i bruk, vil utgangen bruka PostScript nivå 2 format, elles nivå 1.

Encapsulated PostScript

Når merkt, vert «Encapsulatet PostScript» bruk i utgangen, elles «PostScript».

Standard for denne innstillinga vert bestemt av elportformatet du har vald.

Førehandsvising

Når denne er merkt, vert det lagt til ei førehandsvising av biletet i det eksporterte dokumentet.

Storleik på førehandsvisinga

Viss du slo på den førre innstillinga, kan du setja maksimal storleik for førehandsvisinga av biletet her.