5.44. Eksporter biletet som PhotoShop-bilete

5.44.1. Oversyn

Photoshop er eit velkjend biletprogram. Dette dialogvindauget for eksport vert brukt for å eksportera i Photoshop sitt eige filformat PSD.

Du kan eksportera bilete i dette formatet ved å velja utvidinga «.psd» eller vel «Photoshop Image» som filtype i eksportvindauget.

Nokre omsyn du må ta ved eksport til PSD. Ikkje alle blandemodusar kan konverterast til ein eksakt ekvivalent mellom GIMP og Photoshop. For mange blandingsmodusar er tradisjonelle lagmodusar nærare Photoshop-ekvivalentane. Tradisjonelle lagmodusar har likevel ikkje støtte for samansett modus. Photoshop brukar ofte tilsvarende vår samansette modus Klipp til bakteppet. Der heiter det «Bland avklipte lag som gruppe». Hvis du vil støtta dette, bør du ikkje bruka tradisjonelle lagmodusar.

Figur 15.88. Dialogvindauget for PhotoShop-eksport

Dialogvindauget for PhotoShop-eksport

5.44.2. Innstillingar

Eksporter som CMYK

Viss du har sett biletprofilen til CMYK for utskriftsimulering, kan du bruka denne innstillinga for å eksportera biletet med CMYK-profilen. Dette kan av og til vera nødvendig når du skal skriva ut biletet. Trykkeriet vil i tilfelle seia i frå om det trengst.

Viss denne innstillinga er slått av, har du ingen profil for utskriftsimulering for dette biletet. Sjå korleis du set dette i Utskriftsimuleringsprofil.

Namnet på CMYK-profilen som er i bruk vert vist nedanfor innstillingane.

Metadata (rediger)

Du kan trykkja på lenkja «(rediger)» for å opna eit vindauge der du kan endra eller leggja til kva metadata som helst som skal leggjast til i biletet. Merk: Du må likevel slå på dei relevante innstillingane for å lagra metadata lista opp nedanfor.

Innstillingane for metadata i eksportvindauget overskriv standardverdiane sett i Innstillingane for metadataeksport.

Lagra EXIF-data

Når dette valet er slått på, vert alle EXIF metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra IPTC-data

Når dette valet er slått på, vert alle IPTC metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra XMP-data

Når dette valet er slått på, vert alle XMP metadata lagra i det eksporterte biletet.

Lagra fargeprofilen

Når dette valet er slått på, vert fargeprofilen lagra i det eksporterte biletet.

Lagra miniatyren

Når dette alternativet er slått på, vert det lagra ein miniatyr som ein del av EXIF-dataa. Dette gjer at fleire Exif-taggar vert lagra sjølv om du har slått av å lagra EXIF metadata.