11.6. Oljemaling

11.6.1. Oversyn

Figur 17.219. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret

Filter lagt til


Dette filteret gjer at biletet vert nokså likt eit oljemaleri. Maskeradiusstyrer resultatet: Ein høg verdi gjev færre detaljar, som om du brukar ein større pensel.

[Tips] Tips

Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar.

11.6.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskOljemaling ….

11.6.3. Innstillingar

Figur 17.220. Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Masker radiusbufferen, Eksponentbuffer

Du kan definera to ekstra lag eller kanalar som vert brukte som inngang for dette filteret.

Maskeradius

Maskeradius vel storleiken på penselmaska som vert brukt til å teikna den oljeaktige gjengjevinga. Høge verdiar gjev her meir oljete teikning.

Eksponent

Eksponenten bestemmer dekkevna for penselen som lager dei oljeaktige stroka.

Kor mange intensitetar

Storleiken på histogrammet: standard er 128. Gjer du dette talet mindre, vert resultatet mindre detaljrikt.

Intensitetsmodus

Bruk verdien for pikselluminans: må prøvast ut.