3.5. Klipp ut

Kommandoen Klipp ut slettar innhaldet i utvalet eller utvala og legg det i utklippstavla. Du kan henta informasjonen tilbake med kommandoane Lim inn, Lim inn på plass eller ein av dei mange Lim inn som-kommandoane. Dersom det ikkje er utval, vert heile det gjeldande laget fjerna. Dersom laget har ein alfakanal, vert det utklipte området gjennomsiktig. Er laget utan alfakanal, vert det utklipte området fylt med den gjeldande bakgrunnsfargen.

[Notat] Notat

Klipp ut arbeider berre på det gjeldande laget. Laga over eller under vert ignorerte.

3.5.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Klipp ut.

  • Du kan også bruka snarvegen Ctrl+X.