3.10. Lim inn som

Denne kommandoen limer inn innhaldet frå utklipstavla. Sjølvsagt må du bruka kommandoen «Kopier» først slik at du har noko å lima inn.

Det er ikkje råd å tøma utklippstavla.

Undermenyen inneheld mange måtar å lima inn innhaldet i utklippstavla på:

3.10.1. Lim inn som eit enkelt lag

Kommandoen Lim inn som eit enkelt lag opprettar eit nytt biletlag i det gjeldande biletet og limar det som måtte finnast i utklippstavla inn i dette.

Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til kanten av lerretet gjort gjennomsiktige (det vert automatisk laga ein alfakanal). Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen.

3.10.1.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som eit enkelt lag.

3.10.2. Lim inn som eit enkelt lag på plass

The Paste as Single Layer In Place command creates a new layer in the active image and pastes the clipboard contents at the exact coordinates the contents was originally copied from.

Denne eigenskapen gjeld både for den vanlege utklippstavla og for namngjevne bufferar.

3.10.2.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som eit enkelt lag på plass.

3.10.3. Lim inn som nytt bilete

Kommandoen Lim inn som nytt bilete opprettar eit nytt biletvindauge og limer det som måtte finnast i utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til ramma merkte som gjennomsiktige. Det vert om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen slik at du får eit bilete med same dimensjonane som utvalet.

Denne menyoppføringa er den same som menyvalet Fil → Hent inn → Frå utklippstavla.

3.10.3.1. Slå på kommandoen
  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som nytt bilete.

  • Du kan også bruka snarvegen Shift+Ctrl+V .

3.10.4. Lim inn som flytande data

Kommandoen Lim inn som flytande data opprettar eit flytande utval i det gjeldande biletet og limar inn innhaldet i utklippstavla der.

Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til kanten av lerretet gjort gjennomsiktige (det vert automatisk laga ein alfakanal). Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen.

[Notat] Notat

Du kan berre ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeida på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.10.4.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som flytande data.

3.10.5. Lim inn som flytande data på plass

The Paste as Floating Data In Place command creates a floating selection in the active image and pastes the clipboard contents into it at the exact coordinates the contents was originally copied from.

Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til kanten av lerretet gjort gjennomsiktige (det vert automatisk laga ein alfakanal). Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen.

[Notat] Notat

Du kan berre ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeida på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.10.5.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som flytande data på plass.

3.10.6. Lim inn som flytande data inn i utvalet

Kommandoen Lim inn som flytande data i utvalet bytar ut innhaldet i det gjeldande utvalet med innhaldet i utklippstavla og gjer det om til eit flytande utval.

Dataa på utklippstavla vert klipte av utvalet, men biletdataa kan framleis flyttast viss dei går utanfor utvalet.

Dersom det ikkje finst noko utval i biletet, vil «Lim inn som flytande data i utvalet» plassera utklippet sentrert på lerretet på same måten som kommandoen «Lim inn» gjer det.

[Notat] Notat

Du kan berre ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeida på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.10.6.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som flytande data inn i utvalet.

3.10.7. Lim inn som flytande data i utvalet på plass

Kommandoen Lim inn som flytande data i utvalet på plass bytar ut innhaldet i det gjeldande utvalet med innhaldet i utklippstavla på nøyaktig same staden som der det vart kopiert frå og gjer det om til eit flytande utval.

Dataa på utklippstavla vert klipte av utvalet, men biletdataa kan framleis flyttast viss dei går utanfor utvalet.

Dersom det ikkje finst noko utval i biletet, vil «Lim inn som flytande data i utvalet på plass» plassera utklippet sentrert på lerretet på same måten som kommandoen «Lim inn» gjer det.

[Notat] Notat

Du kan berre ha eitt flytande utval i biletet. Du kan heller ikkje arbeida på andre lag før du har forankra eller fjerna det flytande utvalet.

3.10.7.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som flytande data i utvalet på plass.

3.10.8. Lim inn som ny pensel

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan gje den nye penselen eit namn. Penselen vert synleg i penseldialogvindauget.

3.10.8.1. Innstillingar

Figur 16.8. The «New Brush» dialog

The «New Brush» dialog

Penselnamn

Brush name is the name that will be shown in the «Brushes» Dialog.

Filnamn

Den nye penselen vert lagra som File name (med filutvidinga .gbr) i den personlege brushes-mappa di.

Mellomrom

Mellomrom: Når penselen teiknar ei linje vert dette eigentleg gjort ved å setja av penselavtrykk eitt for eitt. Mellomrommet er avstanden mellom desse avtrykka. Vert mellomromma tette nok, vert linja heiltrukke.

3.10.8.2. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som ny pensel ….

3.10.9. Lim inn som nytt mønsterelement

Kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan setja namn på mønsterelementet. Det er dette namnet som vert vist i mønsterdialogvindauget.

3.10.9.1. Innstillingar

Figur 16.9. The «New Pattern» dialog

The «New Pattern» dialog

Mønsternamn

Pattern name is the name that will be shown in the «Patterns» Dialog.

Filnamn

Det nye mønsterlementet vert lagra som Filnamn (med utvidinga .pat) i den personlege patterns-mappa di.

3.10.9.2. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom Rediger → Lim inn som → Lim inn som nytt mønsterelement ….