Kommandoen opnar dialogvindauget for angreloggen. Her finn du miniatyrbilete av kvar av operasjonane du har gjort på biletet ditt. Dette oversynet gjer det enklare å velja kva biletet du vil kalla fram igjen.
Du kan bruka pilene for Angra og Gjenta, eller ganske enkelt klikka på miniatyren, for å setja biletet tilbake til førre status. Dette kan vere nyttig når du arbeidar med vanskelege bilete når du ønskjer fleire angringar. Det er enklare å klikka ein gong enn å utføra Ctrl+Z ti gonger.
Kommandoen kan vere nyttig når du arbeider på svært komplekse bilete og ønskjer å frigjere minne.