Dette filteret vert helst brukt for å fjerna småfeil som støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerna moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du brukar filteret. Filteret bytar ut kvar piksel med gjennomsnittsverdien for pikslane innføre den spesifiserte radiusen.
|
Notat |
|---|---|
|
Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg. |
Når denne er avkryssa, vert innstillingane viste i førehandsvisinga.
Gjennomsnittsverdien av pikslane sette i Radius rundt målpikselen vert brukt for å byta ut verdien i målpikselen.
Tilpassar radius til innhaldet i biletet eller utvalet ved å analysera histogrammet i området rundt målpikselen. Denne radiusen vil alltid verta lik eller mindre enn den spesifiserte radiusen.
Gjentek medianfilterhandlinga for å gjera resultatet sterkare.
Gjentek handlinga til det adaptive filteret for å gjera resultatet sterkare.
Her bestemmer du kor stort område filteret skal verka på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Etter som vindauget flyttar seg over biletet, vert fargane i det glatta ut. Dette kan føra til at småfeil forsvinn.
Ta berre med pikslar som er lysare enn den verdien sett i histogrammet (-1 – 255).
Ta berre med pikslar som er mørkare enn den verdien sett i histogrammet (0 – 255).