15.15. Glinsande

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2466 $ 2008-03-23 KoSt

15.15.1. Oversyn

Figur 16.340. Eksempel på bruk av filteret “glinsande

Eksempel på bruk av filteret glinsande

Filteret “Glinsande

Eksempel på bruk av filteret glinsande

Logoen “Glinsande


Dette filteret legg fargeovergangar og mønsterelement til alfakanalen. Det kan leggast inn ein lett 3D-effekt ved hjelp av avbilding frå eit ruglekart. Filtret kan også legge til slagskygge.

[Notat] Notat

I beskrivinga vil vi her bruke alfa som ei forkorting for det området av det aktive laget som blir definert av dei ugjennomsiktige pikslane. Du kan sjå på det som eit “utval av det som er synleg”. Å legge ein effekt “til alfa” betyr altså å legge denne effekten til alle dei synlege pikslane i det aktive laget.

Filteret er utvikla frå skriptet “Glinsande” (UtvidingarLogoGlinsande i verktøykassa).

Dette filteret er aktivt bare dersom det aktive laget har alfakanal.

[Advarsel] Advarsel

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

15.15.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoGlinsande

15.15.3. Innstillingar

Figur 16.341. Innstillingane for filteret “glinsande

Innstillingane for filteret glinsande

Fargeovergang (tekst)

I normalinnstillinga vil filteret fylle alfa med ein fargeovergang. Klikkar du på biletet av fargeovergangen, vil dette opna ein enkel fargeovergangsdialog der du kan velje fargeovergang. “Tekst” refererer til logoen “Glinsande”, og er meiningslaus her.

Dersom Reverser fargeovergangen for omrisset er aktivert, vil fargeovergangen bli sett inn nedanfrå og oppover i staden for som normalt, ovanfrå og opp.

Mønsterelement (tekst)

Dersom det er merka av for Bruk mønster i staden for fargeovergang på teksten, vil alfa bli fylt med eit mønsterelement. Du kan opne ein mønsterdialog ved å klikke på knappen Bla gjennom. Førehandsvisinga til venstre for knappen vil vise det mønsteret som er aktivt.

Omrisstorleik

Dette er breidda på ei form for ramme som blir laga ved å kopiere alfa til eit nytt lag og deretter forstørre kopien. (Sjå meir om dette nedanfor).

Fargeovergang (omriss); Mønsterelement (omriss)

Desse spesifiserer kva for fargeovergang eller mønsterelement som skal brukast på omrisset dersom dei aktuelle vala er aktiverte.

Bruk mønsteroverlegg

Når denne er aktivert, vil originalen i staden for den forstørra kopien av alfa bli fylt med det valde mønsterelementet med modus sett til “overlegg”. Mønsteret blir fletta saman med det førre mønsteret eller fargeovergangen.

Også her kan du opne ein mønsterdialog ved å klikke på knappen Bla gjennom.

Bruk normalinnstillingane for avbildingskartet

Dette valet gjer ingen ting. Filteret vil alltid legge til eit ruglekart.

Bakgrunnsfarge

Dette er fargen på det bakgrunnslaget som filteret legg til biletet. Klikk på knappen for å få opp fargeveljaren.

Skygge

Filteret vil legge til ein slagskygge dersom det er ønskjeleg. Skyggen kan forskyvast X-forskyving pikslar mot høgre og Y-forskyving nedover. Dette kan forstørre biletet, medan bakgrunnslaget vil ha same formatet som det aktive laget.

15.15.4. Filterdetaljar

Alle innstillingane kan gi inntrykk av at dette er eit svært komplisert filter. Eigentleg er det nokså enkelt. Den interessante delen er korleis filteret handterer det aktive laget og omrisslaget:

Filteret oppretter eit utval frå alfakanalen og fyller utvalet med ein fargeovergang eller eit mønsterelement.

Det blir deretter laga eit “omrisslag” under det aktive laget på same måten: Først blir alfa i det aktive laget brukt for å lage eit utval. Før utvalet blir fylt med ein fargeovergang eller eit mønsterelement blir det forstørra med Omrisstorleik pikslar.

Om du fyller begge laga med med den same fargeovergangen eller mønsterelementet, vil det likevel bli laga eit “omriss” fordi

  • det blir lagt til ein 3D-effekt ved hjelp av eit avbildingskart og fordi

  • lagmodus for det aktive laget blir sett til “skjerm”.

Det siste valfrie valet er å fylle omrisset med eit mønster med modus sett til “overlegg”. Dette vil kombinere det nye mønsteret med det tidlegare brukte mønsteret eller fargeovergangen. Du kan finne meir om ulike modus i Seksjon 2, “ Lagmodus.