3.14. Tøm utvalet

Kommandoen Tøm utvalet fjernar innhaldet i det gjeldande utvalet, eller i heile biletlaget dersom det ikkje er noko utval i biletet. Viss det gjeldande laget inneheld ein alfakanal, vert det tømte området gjennomsiktig. Du kan få tilbake den opphavlege fargen i det gjennomsiktige området ved å bruka viskelêret sett til «visk inn». Dersom laget manglar alfakanal, vert det tømte arealet fylt med den gjeldande bakgrunnsfargen.

Å tøma eit utval fjernar ikkje sjølve utvalet. I motsetnad til «klipp ut», legg «tøm utvalet» heller ikkje det fjerna området i utklippstavla. Utklippstavla er uforandra.

3.14.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerTøm utvalet,

  • eller med snarvegen Delete.