3.13. Buffer

Kommandoane i denne undermenyen arbeidar på namngjevne bufferar. Du kan bruka bufferdialogvindauget for å visa og handsama dei bufferane du har laga og gjeve namn.

3.13.1. Aktivering av undermenyen

Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerBuffer.

3.13.2. Vala i undermenyen

Klipp ut namngjevne…

Kommandoen Klipp ut namngjeve klipper ut det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra utklippet på den generelle utklippstavla, vert det lagra i ein spesiell buffer som du kan namngje i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier namngjevne…

Kommandoen Kopier namngjeve kopierer det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, vert han lagra i ein spesiell buffer som du kan namngje i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier namngjevne synlege…

Kommandoen Kopier synlege namngjeve kopierer innhaldet i frå alle dei synleg laga i det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, vert han lagra i ein spesiell buffer som du kan namngje i dialogvindauget som dukkar opp.

Lim inn namngjevne…

Kommandoen Lim inn namngjeve opnar bufferdialogvindauget. Ved å velja éin av bufferane i lista og trykkja éin av knappane, har du fleire måtar å lima inn ein buffer i det gjeldande biletet eller som eit nytt bilete.