11.3. Teikneserie

11.3.1. Oversyn

Figur 17.199. Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie»

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «Teikneserie»

Filteret «Teikneserie» brukt


Dette filteret forandrar det gjeldande laget eller utvalet slik at det kan minna om ei teikning laga med filtpenn i ein teikneserie. Dette vert gjort ved at pikslar som er tydeleg mørkare enn dei omkringliggande pikslane vert gjort endå mørkare.

11.3.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterArtistiskTeikneserie ….

11.3.3. Innstillingar

Figur 17.200. Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Innstillingane for filteret «Teikneserie»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Maskeradius

Denne parameteren bestemmer storleiken på området filteret verkar på. Høge verdiar gjev eit stort, svart område med mange færre detaljar. Låge tal gjev smal penn og meir detaljar i biletet.

Prosent svart

Denne parameteren bestemmer kor mykje svart farge som skal føyast til i biletet. Låge verdiar gjev mjuke overgangar mellom farga område og svart. Dei svarte strekane vert tynnare og mindre synlege. Høge verdiar gjer strekane breiare, mørkare og skarpare. Som oftast får du det beste resultatet ved å velja ein verdi omtrent midt på skalaen.