Dette filteret omformar biletet slik at det ser ut som det er sett saman av små, firkanta silkepapirbitar.
Tips | |
---|---|
Dersom du finn ut at dette filteret er for enkelt, kan du prøve filteret GIMPressionist i staden. |
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma storleiken (i pikslar) på silkepapirbitane.
Denne variabelen spesifiserer kor intens fargen på rutene skal vera. Dette påverkar dekkevna til rutene. Ein høg verdi vil visa rutene veldig intenst og let ikkje ruter som ligg under visast gjennom dei. Ein lågare verdi gjer at dei underste rutene vert meir synlege gjennom dei øvre rutene og fører til meir blanding av fargane.
Her kan du endra bakgrunnsfargen som filteret brukar. Du kan klikka på fargelinja for å velja ein farge eller bruka fargeplukkaren for å henta ein farge frå biletet.
This option controls the randomness of the filter. The Random seed box lets you manually enter a seed for the randomization algorithm used. You can also generate a random seed by pressing the button. If the same random seed is used in the same situation, the filter produces exactly the same results. A different random seed produces different results.
Tips | |
---|---|
Dette filteret er godt eigna for å laga bakgrunn for nettsider og liknande. Lag eit lite bilete med få, tilfeldig spreidde fargar. Bruk deretter filteret på biletet. Når du har funne høvelege innstillingar, brukar du desse. Til slutt kan du køyra filteret Lag saumlause. Dette gjer at biletet vert repetert som bakgrunnsbilete på nettsida utan synlege overgangar mellom dei ulike kopiane. |