8.57. Farge til alfa…

8.57.1. Oversyn

Kommandoen ۍFarge til alfa» gjer alle pikslane i det aktive laget med ein bestemt farge gjennomsiktige. Filteret prøver å bevara informasjonen om kantutjamninga ved hjelp av ein delvis intelligent algoritme som byter ut svak fargeinfomasjon med ein svak alfainformasjon. På denne måten opprettheld område som inneheld eit element av den valde fargen ein blanda utsjånad med dei omkringliggjande pikslane.

8.57.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarFarge til alfa….

8.57.3. Innstillingar

Figur 16.238. Dialogvindauget for filteret «Farge til alfa»

Dialogvindauget for filteret «Farge til alfa»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Farge

Ved å klikka på fargeprøva får du opp eit dialogvindauge for val av farge der du kan velja ein farge. Du kan også velja ein farge ved å bruka pipetta til høgre.

«Farge til alfa» vert levert med eit dialogvindauge for GEGL-innstilingar under verktøykassa. Når Eksempelgjennomsnitt ikkje er merkt av, vel fargeveljaren berre éin pikselfarge. Når alternativet er merkt av, brukar musepeikaren ein firkant som avgrensar kva pikslar som skal vera med i prøvetakinga. Farge vert eit gjennomsnitt av desse. Du kan setja opp storleiken på firkanten direkte i tekstboksen eller ved å bruka pilspissane eller tastane Opp og Ned på tastaturet.

Høgreklikk på fargeprøven for å opna ein meny der du kan velja forgrunns- og bakgrunnsfarge, kvitt eller svart.

Tersklane for gjennomsikt og dekkevne
  • Gjennomsikt: grensa der fargane under vert gjennomsiktige.

  • Dekkevne: grensa der fargane over vert ugjennomsiktig.

«Farge til alfa» endrar gjennomsikta (og fargen) på pikslane basert på avstanden frå den valde bakgrunnsfargen (valet «Farge») ‒ dess nærare dei er til bakgrunnsfargen dess meir gjennomsiktig vert dei. Bakgrunnsfargen vert fullstendig gjennomsiktig.

Tersklane for gjennomsikt og dekkevne bestemmer kor nære fargane må vera bakgrunnsfargen før dei vert fullstendig gjennomsiktige, og kor langt borte dei må vera frå bakgrunnsfargen for å ha full dekkevne. Med standardverdiane 0 og 1, vert berre bakgrunnsfargen fullstendig gjennomsiktig og berre fargane lengst borte frå bakgrunnen fullstendig ugjennomsiktige.

Standardverdiane fungerer bra for for eksempel å fjerna ein kvit bakgrunn frå eit svart objekt. Viss objektet i staden er grått [fig. 1] vil det verta halvgjennomsiktig [fig. 2], sidan grått er halvvegs mellom svart og kvitt. Å senka dekkevnegrensa til 0,5 ordnar dette ved å halda alle pikslane som er grå eller mørkare (alle pikslane med ein avstand på 0,5 eller meir frå kvitt, på ein [0,1]-skala fullstendig ugjennomsiktige [fig. 3].

Terskelen fo gjennomsikt verkar på same måten: auke av verdien gjer fleire fargar i nabolaget til bakgrunnnsfargen vert fullstendig gjennomsiktige. Dette er mest nyttig i bilete med mykje støy der bakgrunnen ikkje er einsfarga. I motsetnad til i andre tilfelle, når terskelen for gjennomsikt er over 0, vert resultatet mot bakgrunnsfargen ikkje nøyaktig det same biletet.

Med ein risiko for å verta for teknisk, dette kan visualiserast ved å tenkja på RGB-terningen. Bakgrunnsfargen er eit punkt inne i terningen og grensene for gjennomsikt og dekkevne er to terningar sentrerte rundt bakgrunnsfargen. Alt inne i terningen for gjennomsiktgrenser er fullstendig gjennomsiktig, alt utføre terningen for dekkevnegrensene er fullstendig ugjennomsiktige. Alt mellom desse vert gradvis overgang frå gjennomsiktig til ugejennomsiktig. I biletet (figur 4) kan du sjå raud-grøn overflata til RGB-terningen. (1) er bakgrunnsfargen (raud = 0,5; grøn = 0,5; blå = 0,0), (2) er gjennomsiktsgrensa (sett til 0,1) og (3) er dekkevnegrensa (sett til 0,4).

Figur 16.239. Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

fig. 1

Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

fig. 2


Figur 16.240. Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

fig. 3

Eksempel på tersklar i «Farge til alfa»

fig. 4


Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

8.57.4. Bruka «Farge til alfa»

  1. Viss det nødvendig, kan du leggja til ein alfakanal i biletet frå LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

  2. Opna «Farge til alfa».

    Figur 16.241. «Farge til alfa» opna med standard innstillingar

    «Farge til alfa» opna med standard innstillingar

    Originalbiletet med alfakanal

    «Farge til alfa» opna med standard innstillingar

    Originalbiletet med alfakanal. «Farge til alfa» med standardinnstillingane: «Farge» er kvit. Dekkevneterskelen = 1,00 er maksimun slik at berre fargane lengst borte frå «Farge» beheld full dekkevne. Gjennomsiktsterskelen = 0 slik at «Farge» er fullstendig gjennomsiktig.


  3. Fjern merket for førehandsvisinga.

  4. Plukk farge, her himmelen.

  5. Kontroller innstilliongane for førehandsvisinga på nytt.

    «Farge» frå himmelen. Standard tersklar.

  6. Tilpass tersklane for gjennomsikt og dekkevne ved prøving og feiling.

    Berre himmelen er gjennomsiktig. Dekkevneterskelen vart redusert for å gjera fargane lengst vekke (monument, tre og veg) heilt ugjennomsiktige. Gjennomsiktsterskelen er auka for å gjera «Farge» heilt gjennomsiktig og sletta nokre ufullkomne element i himmelen.