8.3. Kantar

8.3.1. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret under FilterFinn kantarKantar….

8.3.2. Innstillingar

Figur 17.162. Innstillingane for filteret «Kantar»

Innstillingane for filteret «Kantar»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Algoritmer

Filteret kan bruke fleire ulike metodar for å oppdage kantar i biletet:

Sobelrelieff

Sidan det ikkje finst innstillingar for denne algoritmen i dette filteret, er kanskje filteret sobelrelieff meir interessant.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Sobelrelieff)

Prewitt compass

Resultatet er svært likt det du får med bruk av sSobelrelieff.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Prewitt compass)

Fargeovergang

Kantane er smalare, med mindre kontrast og meir sløra enn ved bruk av sobelrelieff.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Fargeovergang)

Roberts

Ingen synleg skilnad frå sobelrelieff.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Roberts)

Differensiell

Kantane mindre lyse.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Differensial)

Laplace

Mindre interessant enn det spesifiserte.

Etter å ha brukt filteret (innstilling: Laplace)

Mengde

Denne glidebrytaren har ei skala frå 1 til 10. Eit lågt tal resulterer i eit svart bilete med høg kontrast og tynne strekar. Ein høg verdi resulterer i breie kantar med låg kontrast og mange fargar i mørke område.

Kantoppførsel

Bestemmer kvar kantfinnaren skal finna tilstøytande pikslar for utrekningane når han arbeider på biletgrensene. Dette alternativet vil berre ha ein effekt på grensene for resultatet (viss nokre). Klem er standard og det beste valet.