8. Filteret «Finn kantar»

8.1. Innleiing

Dette er ei gruppe filter som finn grensene mellom ulike fargar og brukar desse kantane for å markera konturane (omrisset) av ulike objekt.

Dei vert gjerne brukte for å laga utval, men også for ulike kunstnariske føremål.

Denne bolken forklarar desse filtera:

Dei fleste av desse filtra analyserer fargeskilnadane i biletet og gjev til dels nokså tjukke kantlinjer. Sjå på fig. 1 som viser variasjonar i fargeintensiteten. Til venstre forandrar fargen seg lite, og dermed finn ein ingen kant der. Til høgre forandrar fargen seg meir at det er råd å finna ein kant. Det er no råd å rekna ut fargevariasjonane for dette området. Figur 2 viser den første avleiinga av desse utrekningane. Me må bestemma at ei grense vert oppdaga når fargeovergangen er større enn ein sett terskelverdi (den nøyaktige grensa er på toppen av kurva, men denne toppen varierer i høve til grensene). Som oftast er terskelverdien noko lågare enn denne toppen, og resultatet vert difor breie kantar.

Kantfinning med Laplace-metoden brukar den andre avleiinga, figur 3. Toppen av kurva er her null, og såleis klart identifisert. Dette er forklaringa på at Laplace-filtra teiknar tynne kantar, berre ein piksel tykke. Ulempen er at det vert mange slike nullar som svarar til små variasjonar, og dermed også «falske» kantar.

Som oftast vil det hjelpa med lite grann sløring før bruk av kantfiltra. Sløringa flater ut småkrusingane og reduserer mengda av falske kantar.