14.14. Rutenett

14.14.1. Oversyn

Figur 17.351. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Rutenett»


Dette filteret teiknar eit kartesisk rutenett på det gjeldande laget, over innhaldet som finst frå før. Du kan bestemma linjebreidde, avstand, forskyving og ulike fargar for linjene. I utgangspunktet brukar filteret forgrunnsfargen i verktøykassa som linjefarge.

Dette filteret er enklare enn det gamle Del 14.21, «Rutenett (tradisjonelt)» filteret.

14.14.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementRutenett….

14.14.3. Innstillingar

Figur 17.352. Innstillingane for filteret «Rutenett»

Innstillingane for filteret «Rutenett»

Normalt er innstillingane for dei vassrette og loddrette linjene låste saman for å gje eit symmetrisk resultat, men du kan klikka på lenkjesymbolet for å opna låsen og t.d. bruka ulike fargar på linjene.

For nokre av innstillingane kan du velja måleeiningar i ei nedtrekksliste.

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Breidde, høgde

Dette er breidda og høgda på rutene bestemt av rutemønsteret.

Forskyv X, forskyv Y

Bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i høve til øvre, venstre bilethjørne.

Linjebreidde, linjehøgde

Breidda på strekane i rutenettet.

Farge

Standardfargen er den i verktøykassa.

Du kan endra desse fargane ved å trykkja på fargeknappen eller bruka pipetta til høgre. Storleiken på pipetta kan setjast i GEGL-operasjonane i verktøykassa.

Sjå også Del 1, «Rutenett og hjelpelinjer».