14.13. Diffraksjonsmønster

14.13.1. Oversyn

Figur 17.352. To eksempel på bruk av filteret

To eksempel på bruk av filteret
To eksempel på bruk av filteret

Dette filteret vert brukt for å laga diffraksjons- eller bølgjeinterferensteksturar. (Diffraksjon er avbøyingar av lysstrålar). Du kan endra frekvens, konturar og skarpe kantar for kvar av RGB-kanalane. Du kan også setja lysstyrke, spreiing og polarisering av teksturen. Det er ingen automatisk førehandsvising, så du må trykkja knappen for førehandsvising for å oppdatera. På et tregt system kan dette ta litt tid. Merk at resultatet ikke avhenger av kva biletet som er der frå før.

Filteret kan vera nyttig når du ønskjer å laga intrikate mønster. Det er perfekt for å laga psykedeliske, batikkliknande mønster eller for å imitera mønster i glassmaleri t.d. i kyrkjevindauge.

Det ser ut til at filteret simulerer fenomenet som oppstår når lys vert brote ved å treffa, eller passera, ein skarp kant. Diverre er dette filteret så dårleg dokumentert av utviklarane at det er uråd å gje nærare forklaringar på dei ulike innstillingane. Du må rett og slett prøva deg fram. Heldigvis er filteret så allsidig at omtrent uansett kva innstillingar du brukar vert resultatet interessant.

14.13.2. Slik slår du på filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarMønsterelementDiffraksjonsmønster ….

14.13.3. Innstillingar

Figur 17.353. Innstillingane for filteret «Difraksjonsmønster»

Innstillingane for filteret «Difraksjonsmønster»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».