8.14. Inverter verdiar

8.14.1. Oversyn

Figur 16.139. Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «inverter verdiar»

Etter bruk av filteret «Inverter verdiar»


Dette filteret inverterer lysverdien (luminositeten) i det gjeldande laget eller utvalet. Kulør og metning vert normalt ikkje påverka, men det kan verta nokre små endringar på grunn av avrundingsfeil. Ønskjer du å invertere kulør og metning, bruker du FargeInverter.

Legg merke til at kulør og metning kan gje eit forvrengt resultat dersom du brukar filteret meir enn éin gong på lyse fargar. For eksempel gjev lysegrønt (HSV 102°,100 %, 98 %) resultatet HSV 96°, 100%, 2% etter første køyringa og 96°, 100%, 98% etter andre køyringa. Du kan såleis ikkje rekna med å køyra filteret to gonger for å kome tilbake til startverdiane.

Figur 16.140. Eksempel på to gongers bruk av filteret

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Det opphavlege biletet

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt ein gong

Eksempel på to gongers bruk av filteret

Filteret brukt to gonger. Biletet er synleg forandra.


8.14.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarInverter verdiar.