8.16. Jamn ut

Kommandoen Jamn ut justerer automatisk lysstyrken for fargane i det aktive laget slik at histogrammet for verdikanalen vert så flatt som mogleg. Eller med andre ord, at lysverdiane vert fordelte jamnast mogleg med like mykje på kvar piksel. Du kan sjå dette på eksemplet nedanfor ved at pikselfargar som det er mykje av i biletet er strekte meir enn fargar som det er lite av. Resultatet av kommandoen kan variera ganske mykje. Av og til er «Jamn ut» ypparleg til å forbetra kontrasten i biletet og til å henta ut detaljar som var vanskelege å få auge på før operasjonen. Andre gonger vert resultatet heilt elendig. Det er ein veldig kraftig operasjon og vel verd å prøva. Verkar han ikkje slik du ønskjer det, er det bare å angra heile greia. «Jamn ut» verkar på lag i RGB- og gråstonebilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.

8.16.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via FargarAutoJamn ut

8.16.2. Eksempel på bruk av «Jamn ut lag»

Figur 16.158. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Jamn ut».


Figur 16.159. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Jamn ut».

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnane som gjev ein stripete utsjånad: fargar som det er mykje av vert strekte.