Kommandoen
gjer om lagmaskene i det gjeldande laget til eit utval som så vert blanda saman med det utvalet som finst frå før til eit nytt utval.Kvite område i lagmaska vert til utvalde område og svarte område vert til ikkje utvalde område. Grå område vert til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska vert ikkje endra.