7.11. Fjern tekstinformasjon

Kommandoane Fjern tekstinformasjon, Tekst til bane og Tekst langs bane finst i Lag-menyen berre viss det finst eit tekstlag.

Når du legg til tekst i eit bilete, legg GIMP til spesifikk informasjon. Denne kommandoen let deg forkasta denne informasjonen, og transformerer det gjeldande tekstlaget til eit normalt punktgrafikklag. Nytteverdien av denne kommandoen kan diskuterast.

Også når du brukar grafiske operasjonar på eit tekstlag, vert laget automatisk omforma til punktgrafikk. Du kan få tilbake tekstinformasjonen ved å angra operasjonen som modifiserte tekstlaget.

7.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa i hovudmenyen via LagForkast tekstinformasjon.