6.3. Avlusing

[Notat] Notat

Denne innstillingsmappa er ikkje tilgjengeleg i Windows.

Figur 15.70. SIda med innstillingar for feilfinning

SIda med innstillingar for feilfinning

6.3.1. Innstillingar

Avlusings-policy

Avlusingspolicyen fortel GIMP kva du ønskjer å gjera når GIPM støyter på eit problem. Du har fire val:

Feilfinningsåtvaringar, kritiske feil og krasjingar

Dette er det mest påtrengande alternativet. Vert til vanleg berre brukt når du prøver å finna ein spesifikk feil. Dette startar feilsøkjaren for alle former for krasj, feil eller åtvaringar.

Feilfinn kritiske feil og krasjingar

Byrja feilfinninga når GIMP oppdagar eit krasj eller ein kritisk feil.

Feilfinn berre krasjingar

Byrja feilfinninga berre når GIMP oppdagar eit krasj.

Feilsøk aldri GIMP

Same kva som skjer, feilfinninga vil ikkje byrja.

Det er berre råd å gjera effektiv feilfinning når gdb eller lldb er installert.