6.4. Fargestyring

[Notat] Notat

For handlingar som er relaterte til fargeprofilar, sjå Del 6.8, « Fargestyring ».

For visingar som er relaterte til visingsinnstillingane, sjå Del 5.12, «Fargehandtering».

Figur 15.86. Brukarinnstillingane for fargestyring

Brukarinnstillingane for fargestyring

6.4.1. Innstillingar

På denne sida kan du tilpassa fargestyringa etter dine eigne behov og ønskje.

I nokre av innstillingane kan du velja fargeprofil frå ein meny. Dersom den ønskte fargeprofilen ikkje finst i menyen, kan du leggja han til han med kommandoen Vel fargeprofil frå disk....

[Tips] Tips

Filer som inneheld fargeprofilar er lette å kjenna i gjen i og med at dei har filutvidinga .icc. Dei er til vanleg lagra saman i maskinen på nokre få stader. For GIMP på Mac OS X kan du kikka på katalogane /Library/ColorSync/Profiles/ og Library/Printers/[produsent]/Profiles.

Biletvisingsmodus

Her bestemmer du korleis fargestyringa for GIMP skal arbeida. Du har tre modusar å velja mellom:

  • Inga fargestyring: Gjer at GIMP ikkje brukar noko form for fargestyring.

  • Fargestyrt vising: Dette valet slår på GIMP si fargestyring. Dette gjer at skjermvisinga av bileta vert korrigert i høve til den fargeprofilen du har vald for visinga.

  • Utskriftsimulering: Dette valet gjer at GIMP vil bruka fargeprofilen for skrivaren i tillegg til fargeprofilen for visinga. Dette gjer at du kan førehandsvisa utskriftene slik dei vert sjåande ut i utskrifta.

    [Notat] Notat

    Legg merke til at fargestyringa i GIMP berre vert brukt for å forbetra visinga av bileta på skjermen og for å leggja inn fargeprofilar i biletfilene. Ingen av desse innstillingane vert brukte når du skriv ut papirkopiar frå GIMP. Utskrivinga vert utført med spesielle utskrivingsmodular som ikkje er ein del av GIMP.

Fargestyrt vising

Skjermprofil

  • Ingen: GIMP brukar den kolorimetriske profilen til dataskjermen.

  • Vel fargeprofil frå harddisken: vel ein profil som er tilgjengeleg på harddisken.

Prøv å bruka profilen til systemmonitoren

  • Når slått på vil GIMP prøva å bruka operativsystemet si fargestyring. Elles vert profilen sett for dataskjermen brukt.

Fargetilpassing

  • Dette valet handlar om korleis fargane vert omforma frå fargemodellen brukt i biletet til modellen brukt på dataskjermen. Du kan velje mellom «Perseptuell», «Relativ kolorimetrisk», «Metning» og «Absolutt kolorimetrisk».

    Som oftast vil relativ kolorimetrisk (standard) gje det beste resultatet. Dersom du brukar ein annan skjermprofil enn LUT, (dei fleste profilane er matriser) vert perseptuell i praksis relativ kolorimetrisk. Sjå også Fargetilpassing .

Bruk svartpunktkompensering for skjermen

  • Dette valet er standardvalet. Bruk svartpunktkompensering dersom du ikkje har ein god grunn til å la vere.

Optimaliser biletvisinga for:

  • To val: Fart og Fargepresisjon. «Fart» er standardinnstillinga. «Fargepresisjon» kan gi betre bilete, men går seinare.

Utskriftsimulering

Utskriftsimulering er ein metode for å visa fargane på skjermen slik dei vert i utskrifta på papir. Det er ein metode for å gjera om fargemodellen brukt på biletet til fargemodellen brukt på uteininga anten denne er ein skrivar eller andre einingar med fargeprofil.

Best mogleg utskriftsimulering for:

To val: Fart og Fargepresisjon. Standardvalet er «Fart». «Fargepresisjon» kan gje betre utskriftsimulering, men tek meir tid.

Merk fargane som er utanfor fargekartet

Når denne er avmerkt, viser utskriftsimuleringa fargar som ikkje finst i fargemodellen til mottakaren. Til høgre er det ein fargeknapp som du kan trykke på for å opna ein fargeveljar som du kan bruka for å velja den ønskte fargen for å markera gamut-fargane.

Føretrekte profilar

RGB-profil

Standard er «Ingen». Dette betyr at den innebygde RGB-profilen vert brukt. Du kan velja ein annan RGB-fargeprofil for arbeidsrommet frå lagringsmediet. Denne kjem opp ved sida av den innebygde fargeprofilen når ein profil er tilgjengeleg.

Gråtoneprofil

Standard er «Ingen». Dette betyr at den innebygde gråskala-profilen vert brukt. Du kan velja ein annan gråskalaprofil for arbeidsrommet frå lagringsmediet. Denne kjem opp ved sida av den innebygde gråskalaprofilen når ein profil er tilgjengeleg.

CMYK-profil

Standard er «Ingen». Du kan velje ein CMYK profil frå lagringsmediet for å omforme RGB til CMYK.

Handlingar

Oppførsel ved opning av fila

Standard er «Spør om kva som skal gjerast». Dei andre vala er «Behald innlagt profil» og «Omform til innebygd RGB- eller gråskala-profil» for å visa korleis innebygde profilar skal handsamast når ei biletfil vert opna.

[Notat] Notat

For utfyllande forklaringar:

  • ICC-profilane er forklarte i Wikipedia (på engelsk) under [WKPD-ICC].

  • Sjå «OpenICC project» ([OPENICC]) som GIMP og andre store namn innan fri «infografi» samarbeider med.

Nokre fargeprofilar tilgjengelege på nett:

  • ICC sRGB Workspace: ICCsRGB[ICCsRGB]

  • Adobe RGB98 Workspace: Adobe RGB (1998)[AdobeRGB]

  • ECI-profilane («(European Color Initiative»): ECI[ECI]

Dialogvindauga for filter

Vis avanserte fargeinnstillingar: denne må vera merkt av for at avanserte fargeinnstillingar skal vera synlege i filtera.