6.24. Inndata-einingar

Figur 15.94. Innstillingar for inndataeiningane

Innstillingar for inndataeiningane

Peikarar og teikneverktøy

Peikarmodus

Dette valet har berre meining dersom det er kryssa av for Vis markør for teikneverktøyet. Du har i tilfelle tre val: Verktøyikon, som i tillegg til markøren viser eit lite ikon som skal førestilla det aktuelle verktøyet. Verktøyikon med trådkors som i tillegg til markøren også viser eit trådkors som indikerer sentrum for verktøyet og Berre trådkors.

Peikarhendt

Dette valet bestemmer retninga på oeikaren. Standard er Høgrehendt. Når Venstrehendt er vald, vert peikaren spegelvendt vassrett.

Vis penselomriss

Dersom det er kryssa av for dette valet, vil musepeikaren visa omrisset av det gjeldande verktøyet. Skulle det visa seg at GIMP får problem med å følgja med i penselflyttingane dine, kan du slå av denne funksjonen.

Vis markør for teikneverktøyet

Dersom denne er avkryssa, vil musemarkøren vera synleg for teikneverktøya. Denne markøren kjem i tillegg til eventuelt penselomriss. Markørtypen bestemmer du i neste val.

Utvida inndatautstyr

Deler verktøy og verktøyinnstillingane mellom inndataeiningane

Når dette er slått på, vert dei same verktøya og verktøyinnstillingane brukte av alle inndataeiningane. Det vert ikkje bytt verktøy når du byter inndataeining.

Konfigurering av utvida inndatautstyr

Du brukar denne knappen for å setja opp utstyr som er kopla til datamaskinen: teiknebrett, MIDI-tastatur eller anna utstyr. For eit digitalt teiknebrett kan dialogvindauget sjå slik ut:

Figur 15.95. Innstilling av digitalt teiknebrett

Innstilling av digitalt teiknebrett

Lagra innstillingar for inndatautstyr ved avslutning

Dersom du merkjar av for denne boksen, vil GIMP hugsa kva verktøy, farge og pensel du brukte sist du avslutta.

Lagra innstillingar for inndatautstyr nå

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Tilbakestill lagra innstillingar for inndatautstyr

Fjernar dei innstillingane du har gjort og set alt tilbake til normalinnstillingane.