6.25. Inndatastyring

Figur 15.97. Innstillingar for inndatastyring

Innstillingar for inndatastyring

Dette dialogvindauget har to rubrikkar. Til venstre Tilgjengelege kontrollarar og til høgre Gjeldande kontrollarar. Vindauget vert brukt for å kopla inndataeiningar til eller frå.

Du kan flytta eit element inn i eller ut av lista over gjeldande kontrollarar ved å klikka på ønskt element for å merkja det, og deretter på ein av pilknappane. Når du flyttar ut av rubrikken for element i bruk, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan velja å fjerna elementet eller berre kopla det frå som utilgjengelege. Når du ønskjer å leggja eit element til dei gjeldande kontrollarane, kjem det også fram eit dialogvindauge. Du kan her bestemme eigenskapane til elementet.

Når du dobbeltklikkar på eit (til vanleg i bruk) kontrolleelement eller alternativt klikkar på Rediger-knappen nedst på lista, kan du konfigurera dette kontrollelementet i eit dialogvindauge:

Musehjulet (Main Mouse Wheel)

Figur 15.98. Musehjulet (Main Mouse Wheel)

Musehjulet (Main Mouse Wheel)


Generelt
Avslå handlingar frå denne kontrollaren

Vert berre brukt ved feilfinding for å omdirigera utgangsdata frå denne eininga til t.d. lagring i ei fil. For å sjå verknaden av denne kommandoen, må du opna GIMP frå ein terminal eller omdirigera standard utgang til fil ved hjelp av ein «shell-kommando».

Slå på dette kontrollelementet

Dette valet må vera merkt dersom du ønskjer å leggja nye hendingar til musehjulet.

Musehjulhendingar

Til venstre i rullevindauget er moglege hendingar for musehjulet opplista. Til høgre dei tilhøyrande handlingane. Knappane Rediger og Slett vert brukte for å nettopp redigere eller slette den markerte hendinga og handlinga knytt til denne.

Nokre av hendingane er ikkje knytt til ei handling. Dei er kanskje lista opp for framtidig bruk eller som eksempel. I alle fall verkar dei ikkje.

Vel hending knytt til handling

Trykker du på knappen Rediger etter at du har markert ei hending, vil dette opna følgjende dialogvindauge:

Figur 15.99. Vel hendingshandling for kontrollen

Vel hendingshandling for kontrollen

Dersom det finst ei handling for denne hendinga, vert vindauget opna på denne. Elles vil vindauget visa gruppene med moglege hendingar. Klikk på ei hending for å gjere ho til den gjeldande.

Tastaturet (Main Keyboard)

Dette dialogvindauget vert brukt på same måten som dialogvindauget for musehjulet. Handlingane vert relaterte til piltastane, eventuelt i kombinasjon med kontrolltastane.

Figur 15.100. Tastaturet (Main Keyboard)

Tastaturet (Main Keyboard)

[Notat] Notat

Du kan finna eit eksempel på bruk av desse omgrepa i Laga ein pensel med variabel storleik.