4.12. Auk

Kommandoen Auk gjer utvalet større. Han verkar på nokolunde same måten som kommandoen Krymp, som gjer utvalet mindre.

4.12.1. Slå på kommandoen

Du får tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via UtvalAuk.

4.12.2. Beskriving av dialogvindauget «Auk utvalet»

Figur 16.29. Dialogvindauget for «Auk utvalet»

Dialogvindauget for «Auk utvalet»

Auk utvalet med

Her kan du skriva inn kor mykje utvalet skal aukast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endra måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

4.12.3. Ein raritet med det rektangulære utvalet

Når du aukar eit rektangulært utval får resultatet avrunda hjørne. Årsaka ser du nedanfor:

Figur 16.30. Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Dersom du ikkje ønskjer avrunda hjørne, kan du bruka kommandoen Avrunda hjørne med radius sett til 0 %.