4.11. Krymp

Kommandoen Krymp gjer utvalet mindre ved å flytta kvart punkt på ramma bort frå næraste rammekant, mot midten av biletet. Flyttelengda vert bestemt i dialogvindauget. Eventuelle mjuke kantar vert bevarte, men kan verta noko forandra ved hjørna og skarpe kurver.

4.11.1. Slå på kommandoen

Du får tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via UtvalKrymp ….

4.11.2. Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Figur 16.28. Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Beskriving av dialogvindauget «krymp»

Krymp utvalet

Her kan du skriva inn kor mykje utvalet skal reduserast. Normalt vert dette målt i pikslar, men du kan endra måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Merkte område held fram utføre biletet

Var «Krymp frå biletkanten». Handlinga er ikkje endra. Denne innstillinga kjem berre til nytte når utvalet ligg heilt ute i biletkanten. Dersom denne kommandoen er slått på, vil krympinga føra utvalet bort frå biletkanten. I motsett fall vert utvalet verande i biletkanten. Sjå Merkte område held fram utføre biletet.