2.2. Utvalet er usynleg

Symptom: Dersom dette er problemet, vil du truleg alt ha løyst det berre ved å ha lese så langt. Men berre for å ha forklart det likevel: Av og til er den blinkande linja som viser utvalet nokså i vegen. Særleg om du skal granska detaljar nær denne linja. Difor har du i GIMP høve til å slå av merkinga i biletmenyen VisVis utvalsgrensene. Det kan vere lett å gløyme at du har gjort nettopp dette.

Løysing: Gå til menyen Vis for biletet og viss det ikkje er merkt av for Vis utvalet klikkar du på det.