2.6. Du prøver å arbeide utanfor laget

Symptom: I GIMP treng ikkje eit lag ha same dimensjonen som biletet det høyrer til i. Prøver du å teikne utføre kanten av laget, vil ingenting skje. For å finna ut om du er på utsida av laget, sjå etter eit rektangel som er avgrensa med ei gul og svart prikkelinje. Dette er grensa for laget du arbeider på.

Løysing: Du må utvida laget. Nokså langt nede i Lag-menyen finn du eit par kommandoar avsett til dette føremålet. Den eine er Laget til biletstorleik som set laggrensene til dei same som biletgrensene. Den andre er Set laggrensene, som opnar eit dialogvindauget der du kan setja laggrensene.