2.10. Ingen synleg effekt når du brukar flytteverktøyet, rotering eller andre transformeringsverktøy

Symptom: Du prøver å flytta (eller gjera ei transformering) på eit lag utan at noko skjer.

Løysing: Kontroller statuslinja for å sjå om det er ei melding der som fortel kva som skjer. Det neste er å kontrollera verktøyinnstillingane og sjå etter at verktøyet du brukar ikkje er sett til å arbeida på eit utval eller ein bane. Desse små knappane er øvst i vindauget Verktøyinnstillingar for transformeringsverktøya.