8.2. Fargebalanse

Verktøyet for fargebalanse endrar fargebalansen i det gjeldande utvalet eller laget. Endringane er ikkje drastiske. Dette verktøyet er eigna for å korrigera dominerande fargar i digitale bilete.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.2.1. Aktivering av verktøyet

Frå hovudmenyen: FargarFargebalanse.

8.2.2. Innstillingar

Figur 16.127. Innstillingar for fargeballanse

Innstillingar for fargeballanse

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Vel området som skal justerast

Vel du ei av desse innstillingane, vert fargeområda som kan endrast med glidebrytarane eller innskrivingsboksane avgrensa for skuggar (mørke pikslar), mellomtonepikslar (medium pikslar) og høglyspikslar (lysaste pikslane).

Juster fargenivåa

Glidebrytarane og områda for dei tre RGB-fargane til komplementærfargane deira (CMY). Null svarar til den gjeldande nivåverdien i originalbiletet. Du kan endra pikselfargen anten mot raudt eller cyanblått, grønt eller magentaraudt, blått eller gult.

Tilbakestill området

Denne knappen set fagreverdiane tilbake til null (originalverdiane).

Behald lysverdi

Dette alternativet sikrar at lysstyrken til det aktive laget eller utvalet ikkje vert endra. Verdien av dei lysaste pikslane vert ikkje endra.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».