8.3. Fargetemperatur

8.3.1. Oversyn

Figur 16.119. Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Det opphavlege bilete med ein fargetemperatur stipulert til 5.000K

Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Endra bilete med fargetemperaturen sett til 6.500K


Filteret for fargetemperatur vert brukt for å justera fargetemperaturen for ei lyskjelde i Kelvingrader. Det kan brukast for å korrigera blåstikk i bilete, men også (i nokre tilfelle) for å korrigera raudstikk i bilete teke i lampelys med kameraet sett til dagslys.

Du kan også bruka det til å laga interessante kreative effektar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.3.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarFargetemperatur ….

8.3.3. Innstillingar

Figur 16.120. Innstillingane for filteret «Fargetemperatur»

Innstillingane for filteret «Fargetemperatur»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Den opphavlege temperaturen

Dette er den estimerte fargetemperaturen i Kelvingrader i det opphavlege biletet. Du kan endra denne fordi det er ikkje sikkert at denne informasjonen er korrekt (anten du har målt han eller ei). I tillegg er det ofte brukt mange lyskjelder i eit bilete, som eit vindauge eller ein utfyllingsblits. Du kan likevel ofte få interessante effektar ved å endra fargetemperaturen.

Ønskt temperatur

Dette er den ønskte temperaturen i Kelvingrader.

Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

[Tips] Tips

Både den opphavlege og den ønskte temperaturen kan setjast frå forvala. Trykk på knappen til høgre for vala for å få tilgang til menyen for forvala.