2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

Gjennomsikt i bilete kan lagrast på to måtar: enkel binær gjennomsikt og alfa-gjennomsikt. Den første forma vert brukt i GIF-formatet. Her kan du velja ein av fargane i det indekserte fargekartet til å vera gjennomsiktig. I PNG-formatet vert informasjonen om gjennomsikt lagra i ein eigen alfakanal.

[Notat] Notat

PNG-formatet støtter stort sett dei same eigenskapane som GIF-formatet. I tillegg har PNG støtte for alfakanalar. GIF vert difor i dag sort sett berre brukt til animasjonar.

Prosedyre 6.1. Å lage eit bilete med gjennomsiktige område (alfa-gjennomsikt)

  1. Vi bruker GIMP sin maskot, Wilber, som eksempel.

    Figur 6.4. Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

    Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

  2. To export an image with alpha transparency, you must have an alpha channel. To check if the image has an alpha channel, go to the Channels Dialog and verify that an entry for «Alpha» exists, besides Red, Green and Blue. If this is not the case, add a new alpha channel from the layers menu; Layer+TransparencyAdd Alpha Channel.

  3. Den originale XCF-fila inneheld bakgrunnslag som kan fjernast. GIMP har mange standardfilter som bruker fargeovergangar. Sjå under Filter+Lys og skygge. For å vise kva alfa-gjennomsikt kan gjere, har vi vald å lage ein mjuk glød i bakgrunnen rundt Wilber, men du har sikkert fantasi nok til å prøve ut mange andre.

  4. Når du er ferdig med biletet, kan du eksportera det i PNG-format.

Figur 6.5. Wilber med gjennomsikt

Wilber med gjennomsikt

Dei grå firkantane i bakgrunnslaget viser det gjennomsiktige området i det eksporterte biletet når arbeider på det i GIMP.