5.19. Bøying

5.19.1. Oversyn

Figur 17.101. Eksempel på bruk av filteret «Bøying»

Eksempel på bruk av filteret «Bøying»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Bøying»

Filteret «Bøying» brukt


Dette filteret vert brukt for å laga ei kurve som vert brukt for å forvrenga det aktive laget eller utvalet. Forvrenginga vert lagt på gradvis frå ei bilet- eller utvalsramme til den andre.

5.19.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarBøy….

5.19.3. Innstillingar

Figur 17.102. Innstillingane for filteret «Bøying»

Innstillingane for filteret «Bøying»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet eler utvalet utan å endra biletet før du trykkjer på knappen OK.

Førehandsvis ein gong

Senne knappen vert brukt for å oppdatera førehandsvisinga kvar gong du har bruk for det.

Automatisk førehandsvising

Når det er avmerka for denne, vert førehandsvisinga endra i sanntid. Dette treng mykje utrekningar og kan seinka arbeidet. Dette er særleg synleg ved bruk av «rotasjon».

Innstillingar
Roter

Der kan du stilla inn påføringsvinkelen til filteret (0-360 mot klokken). 0 er standardinnstilling: Kurva vert sett frå den øvre eller nedre kanten. Sett til 90, vert ho sett frå den venstre eller høgre kanten.

Utglatting, Kantutjamning ("Antialiasing")

Dersom prosessen kan føra til hakkete og stegvise kantar. Desse to alternativa gjer dette aspektet betre.

Arbeid på kopi

Dette alternativet opprettar eit nytt lag kalla «Curve_bend_dummy_layer_b» som vert det aktive laget, slik at du kan sjå endringane i biletet i normal storleik utan å endra originalbiletet før du trykkjer på OK-knappen .

Endra kurvene

I dette rutemønsteret vil du finna ei horisontal linje med ein node i kvar ende. Denne linja representerer i utgangspunktet den øvre kanten av biletet. Viss du klikkar på linja med musepeikaren, vert det laga ein ny node som du kan dra dit du ønskjer. Du kan laga fleire noder på kurva.

Det er berre råd å ha to kurver i rutenettet, éi for den såkalla «øvre» kanten og éi for den såkalla «nedre» kanten. Du vel kva linje du vil arbeide på ved å klikka på radioknappane Øvre og Nedre.

Viss du brukar valet FriKurvetype Er radioknappen Kurvetype Fri vert den gjeldande kurva byt ut med den nye kurva.

Kantkurver

Her bestemmer du om den aktive kurva skal leggjast til Øvre eller Nedre kant i biletet i høve til rotasjonen.

[Obs] Obs

Hugs at kurvekanten er avhengig av rotasjonen. For eksempel med Roter = 90° vil den øvre kanten eigentleg vera den venstre kanten.

Kurvetype

Med knappen Glatt aktivert, vert kurvene mjukt avrunda når du drar ut ein node.

Med knappen Fri aktivert, kan du teikna dine eigne kurver. Kurven du teiknar vil erstatte den gjeldande kurva.

Knappane
Kopier

Kopierer aktiv kurve til motsett biletkant.

Spegla

Speglar aktive kurve til motsett biletkant.

Byt

Bytar mellom Øvre og Nedre kurver.

Tilbakestill

Tilbakestill den gjeldande kurva.

Opna

Hentar kurva frå ei fil.

Lagra

Lagrar kurva til ei fil.