8.26. Separer

8.26.1. Oversyn

Figur 16.183. Separert til bilete (RGB)

Separert til bilete (RGB)

Originalbiletet

Separert til bilete (RGB)

Separert til bilete, dvs. med Separer til lag avslått. (RGB).


Figur 16.184. Separert til lag (RGB)

Separert til lag (RGB)

Originalbiletet

Separert til lag (RGB)

Biletet separert til lag (RGB)


Denne kommandoen deler kanalane (RGB, HSV, CMYK osv.) i eit bilete i separate bilete eller kanalar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.26.2. Aktivering av kommandoen

  • Du har tilgang til menyvalet frå hovudmenyen via FargarKomponentarSeparer….

8.26.3. Innstillingar

Figur 16.185. Innstillingane for kommandoen «Separer»

Innstillingane for kommandoen «Separer»

Trekk ut kanalane

I beskrivingane under er Del opp i lag markert som aktiv.

Fargemodell
RGB

Dersom det er merkt av for RGB, vert det oppretta eit nytt gråtonebilete sett saman av tre lag (raud, grøn og blå) og to kanalar (grå og alfa).

Denne funksjonen kan vere interessant mellom anna saman med terskelverktøyet. Vidare kan du utføra ulike operasjonar som for eksempel å beskjere, lime inn i eller flytta utval i ein enkelt RGB-kanal. Endeleg kan du bruke eit uttrekt gråtonelag som eit utval eller maske ved å lagra det i ein kanal (merk heile eller ein del av laget og VelLagra til ein kanal).

RGBA

Viss RGBA-alternativet er vald, vert det oppretta eit bilete som liknar på RGB-separering med eit ekstra alfalag fylt med gjennomsiktsverdiane til kjeldebiletet. Heilt gjennomsiktige pikslar er svarte og heilt ugjennomsiktige pikslar er kvite.

Alfa

Dette valet lagar eit ekstra bilete ut frå data for gjennomsikt lagra i alfakanalen i kanaldialogen. Ein fullt gjennomsiktig piksel er svart og ein fullstendig ugjennomsiktig piksel er kvit. Delvis gjennomsikt vert representert med ulike gråtoner.

HSV

Denne funksjonen deler biletet i tre gråskalalag, eit lag for kulør, eit for metning og eit for verdi.

Sjølv om kulør er gråtoner, representerer han fargetoner. I fargesirkelen er kvitt og svart start- og sluttpunkt og er lagt over kvarandre. Dei representerer raud farge øvst i sirkelen. Grå mellomnivå svarar til mellomtoner på sirkelen: mørk grå til oransje, mellomgrå til grøn og lys grå til magentaraud.

Metning og Verdi: Kvit representerer maksimal metning, dvs. rein farge og maksimal verdi, dvs svært lyst. Motsett representerer svart minimum metning, dvs. kvit farge og minimum verdi, dvs svart.

HSL

Dette valet tilsvarer HSV, men i staden for Verdi inneheld det tredje laget L-komponenten for biletet.

CMYK

Med dette valet vert biletet delt opp i fire gråskalalag, eit for gult, eit for magentaraud og eit for cyanblå og eitt for svart.

Dette alternativet kan vera nyttig for å overføra eit biletet til programvare med CMYK-funksjonar for trykking av bilete.

LAB

Dette alternativet deler biletet i tre gråskalalag. Laget «L» ut frå lysstyrke (luminans), laget «A» ut frå fargane mellom raud og grøn og laget «B» ut frå fargane mellom blå og gul.

LAB er ein fargemodell i familien Luminans-farge. To kanalar vert brukte for å styra farge og ein kanal styrer lysstyrken. LAB-modellen vert brukt av Photoshop.

LCH

Dette alternativet deler biletet i tre gråskalalag. Laget «L» ut frå lysstyrke (luminans), laget «C» for kroma og laget «H» for kulør.

LCH-separering er ein fargemodell i Luminans-Farge-familien.

YCbCr ITU R470, YCbCr ITU R470 256, YCbCr ITU R709, YCbCr ITU R709 256

I GIMP er det fire versjonar av YCbCr-oppdeling med ulike verdiar. Kvar versjon deler biletet opp i tre gråskalerte lag der eitt lag er for luminans (lysstyrke), eitt for blått og eitt for raudt.

Fargemodellen YCbCr, også kalla YUV, vert no brukt i digital video, men vart opphaveleg utvikla for PAL analog video. Modellen byggjer på ideen om at det menneskelege auget er meir vart for lysstyrke enn for fargar. I YCbCr-oppdelinga vert biletet separert etter ei omformingsmatrise der innstillingane er tilrådd av ITU ((International Telecommunication Union).

Del opp til lag

Dersom det er markert for dette valet, vert det laga eit nytt gråskalabilete sett saman av tre lag. Kvart av laga representerer ein av kanalane i vald modus. Dersom dette valet ikkje er avmerka, vert kvar kanal representert i sitt eige bilete, og tydeleg namngjeve på namnelinja.

Bruk forgrunnsfargen som registreringsfarge

Døme 16.1. Innrettingsmerke

Originalbiletet

Cyan-komponenten

Svart-komponenten

(Magenta- og gulkomponentane er ikkje tekne med her).


Dette alternativet er for spesialistar. Det er relatert til CMYK-utskrift. Når det er merkt av, vil kvar piksel i gjeldande forgrunnsfarge vera svart i kvar komponent av dei dekomponerte bileta/laga. Dette let deg laga synlege beskjeringsmerke på alle kanalane og gjev ein nyttig referanse for justering. Eit lite kryss i kvart hjørne kan markera beskjeringa av biletet eller verta brukt for å kontrollera at alle trykkplatene er korrekt innretta.