14.25. Gfig

14.25.1. Oversyn

Figur 17.380. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Gfig»


Dette filteret er eigentleg eit enkelt teikneverktøy som kan brukast for å teikne geometriske figurar på biletet. Filteret er nokså komplekst, men kanskje vil denne rettleiinga hjelpe deg noko på veg.

Filteret legg alle nye element i eit nytt biletlag. Resten av biletet vert ikkje forandra.

14.25.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarGfig….

14.25.3. Innstillingar

Figur 17.381. Innstillingane for filteret «Gfig»

Innstillingane for filteret «Gfig»

Førehandsvisinga er i praksis arbeidsområdet ditt. Her legg du til figurane. Fører du musepeikaren over området, vil det kome fram to hjelpelinjer som kan vere til hjelp for å plassere endringane.

Du kan legge til eller endra figurane ved hjelp av Gfig-verktøya (Gfig verktøylinje) med høvelege innstillingar sett i Gfig hovudvindauget.

14.25.3.1. Verktøylinja i Gfig

Øvst i vindauget finn du ei rad med ikon som representerer dei tilgjengelege funksjonane. Held du musepeikaren over eitt av ikona, vil det dukke opp ein forklarande tekst.

Teiknefunksjonar

Den venstre delen av verktøylinja inneheld funksjonar som vert brukte for å teikna ulike figurar. Du aktiverer dei ved å klikka på den ønskte funksjonen. Du har valet mellom desse funksjonare:

Lag linje

Dette verktøyet vert brukt for å teikna rette linjer. Klikk på førehandsvisinga for å markera startpunktet og dra musepeikaren til endepunktet. Linja vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag rektangel

Dette verktøyet vert brukt for å teikna firkantar. Klikk på førehandsvisinga for å markera startpunktet og dra musepeikaren til sluttpunktet.

Lag sirkel

Dette verktøyet vert brukt for å teikna sirklar. Klikk på førehandsvisinga for å markera sentrum i sirkelen og dra musepeikaren til ønskt radius. Sirkelen vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag ellipse

Dette verktøyet vert brukt for å teikna ellipsar. Klikk på førehandsvisinga for å markera sentrum og dra musepeikaren til ønskt form og storleik. Ellipsen vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag boge

Dette verktøyet vert brukt for å teikna bogar. Klikk på førehandsvisinga for å markera startpunktet. Flytt musepeikaren og klikk for å setja eit anna bogepunkt. Dra musepeikaren utan å sleppa museknappen. Når du slepp museknappen, vert dette endepunktet. Det vert då teikna ein boge gjennom desse tre punkta.

Lag regulær mangekant

Dette verktøyet vert brukt for å teikna polygon (mangekantar). Først går du til Verktøyinnstillingar, som kjem fram når du klikkar på verktøyet, og bestemmer kor mange Sider figuren skal ha. Klikk på førehandsvisinga for å markera midtpunktet i figuren og dra musepeikaren til ønskt storleik. Mangekanten vert teikna når du slepp opp museknappen.

Lag stjerne

Dette verktøyet vert brukt for å teikna ei stjerne. Byrja med å setja sidetalet (stråler) i Verktøyinnstillingar til høgre for førehandsvisinga. Klikk på førehandsvisinga for å setja midtpunktet og dra musepeikaren, utan å sleppa museknappen, til ønskt storleik og plassering.

Lag spiral

Dette verktøyet vert brukt for å teikna ein spiral. Byrja med å setja sidetalet (roteringar) i Verktøyinnstillingar til høgre for førehandsvisinga. Trykk deretter i førehandsvisinga utan å sleppa museknappen og dra peikaren til den ønskte storleiken.

Lag Bezier-kurve

Dette verktøyet vert brukt for å teikna bézierkurver. Klikk på førehandsvisinga for å markera startpunktet og dei andre punkta som styrer kurva. Når du er ferdig, hald nede Shift-tasten medan du klikkar for å avslutta kurvelaginga.

Funksjonar for objekthandsaming

I den midtre delen av verktøylinja finn du ein del verktøy for å påverka det teikna objektet:

Flytt eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å flytta det aktive objektet. For å aktivere eit objekt, klikkar du på eit av kontrollpunkta for objektet.

Flytt eit enkelt punkt

Dette verktøyet vert brukt for å flytta eit kontrollpunkt i det aktive objektet. Klikk på punktet og dra det til ønskt posisjon. Kvart punkt flyttar objektet på ulike måtar.

Kopier eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å duplisera eit objekt. Klikk på eit av kontrollpunkta i objektet og dra kopien til ønskt posisjon.

Fjern eit objekt

Klikk på det kontrollpunktet du ønskjer å ta bort.

Vel eit objekt

Dette verktøyet vert brukt for å aktivere eit objekt. Klikk på det kontrollpunktet i objektet du ønskjer å aktivere.

Funksjonar for objektorganisering

I den høgre delen av verktøylinja, eventuelt i nedtrekkslista, finn du ein del verktøy for å innrette objekta:

Opp (hev det valde objektet), Ned (senk det valde objektet)

Desse verktøya vert brukte for å heva eller senka eit objekt.

Topp, Botn

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Funksjonar for objektvising

Tilbake, Framover

Trykk på eit av desse ikona for å gå eitt steg bakover eller framover i visingslista. Berre det valde objektet er synleg.

Vis alle objekta

Har du brukt dei førre menyvala, kan du få fram alle objekta igjen ved å trykke på dette menyvalet.

[Notat] Notat

Dersom vindauga er for små til å visa alle symbola, vert det oppretta ei nedtrekksliste med dei funksjonane det ikkje er plass til i lista.

14.25.3.2. Hovudvindauget i Gfig
Objektdetaljar

XY posisjon viser posisjonen til musepeikaren.

Verktøyinnstillingar

Dersom det valde verktøyet har innstillingar som kan endrast, kan du gjera dette her.

Strøk

Dersom det er merka for denne funksjonen, vert objektet streka opp med den fargen du har vald ved å trykka i Fargeruta og den penseltypen du har vald ved eventuelt å trykka på Bla gjennom for å få fram penselveljaren.

Fyll

Ved hjelp av denne nedtrekkslista kan du bestemma om objektet skal fyllast, og i tilfelle om det skal fyllast med ein farge, eit mønster eller ein fargeovergang («Gradient fill»).

Vis rutenett

Marker denne dersom du ønskjer å legge eit rutenett over førehandsvisinga for å lette arbeidet med å plassera objekta.

Fest til rutenettet

Dersom det er markert for denne, vil objektet vert retta inn etter rutenettet.

Vis biletet

Dersom denne er markert, veret det aktive biletet vist i førehandsvisinga.